Ryfylke-saka om manglande stell av grøntområda ved dei kommunale omsorgsbustadene ved Høllandstunet har skapt stort engasjement. Onsdag stilte førskulegruppa i Brakamoen Barnehage opp, med kost og spade, og tok eit tak for å pynta opp utanfor hos dei eldre.