50-årsjubileet for freden i 1945 blei behørig feira i Sauda.
50-årsjubileet for freden i 1945 blei behørig feira i Sauda. FOTO: Faksimile fra Ryfylke, mai 1995.

Tilbakeblikk: Folkefest på fredsdag

Saudabuen gjekk mann av huse for å ta del i markeringa av femtiårsdagen for frigjeringa av landet, skreiv Ryfylke i 2012 – om markeringa av 50-årsjubileumet for fredsdagen i 1995.

Måndag 8. mai 1995 var sentrumsgatene til tider fulle av folk, og dei norske flaga vaia friskt i ein heller sur vind. «Fredsjubilèet i Sauda: Storslått markering» var overskrifta i Ryfylke dagen etter markeringa av femtiårsdagen for frigjeringa av landet.

Ung og gammal

Over fire sider skreiv Ryfylke om alt som skjedde denne dagen.

– Fredsmarkeringa stod ikkje tilbake for noko syttande mai-feiring, stod det å lesa.

Den offisielle delen av markeringa starta med friluftsgudsteneste ved Musikkpaviljongen, dit barn frå skular og barnehagar marsjerte i sama flokk. Dei fleste bar ryggsekk som var toppa av blafrande, norske flag. Avisa fortel vidare at mange tok seg fri frå arbeidet for å kunna ta del i friluftsgudstenesta medan den eldre garde kom frå pleieheimen.

Gudstenesta vart avslutta med to minutts stille for å minnast dei som gav sitt liv i kampen for fedrelandet.

Talar og utstilling

Etter gudstenesta talte ordførar Olav Dybing og Ludvig Munthe talar på Rådhusplassen. Sistnemnde la óg ned krans ved minnesmerket over dei saudabuane som gav sitt liv for landet under 2. verdskrig.

I Saudasjøen la Fredrik Wessel Fredriksen ned krans på russargravene. Ryfylke skreiv at sjeldan hadde så mange folk vore samla på kyrkjegarden.

Om kvelden var minst eit par hundre menneske samla då formannen i sogelaget, Lars Viland, ønska velkommen til Nordag-utstilling. Det vart vist film om Nordag-anlegget, og Olav Svandal viste ein sjølvbygt modell av anlegget.

Også skulane

Ryfylke melder elles at fredsjubilèet óg vart markert på mange andre måtar. Til dømes laga elevane ved Austarheim skule ei utstilling med ei rekke gjenstandar frå krigens tid, og Birkeland skule laga ei opplevingsløype for elevane. Løypa, som var meint å gi elevane eit inntrykk av kva folk måtte gå gjennom i løpet av krigen, skulle imidlertid verta meir innhaldsrik enn kva meininga var. Mannskap frå lensmannskontoret rykka nemleg ut etter melding om av ein person iført nazi-uniform var observert på Birkeland. Det viste seg å vera ein lærar som for høvet hadde iført seg uniforma.