Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

Du må logge inn for å lese artikkelen

Slik blei ”Moen ved broen” flytta til Andedammen

Publisert Sist oppdatert

Moen ved broen»-bygget, har stått mellom Esso-stasjonen og Meaws thaimat. Andedammens Venner fekk overta det gamle bygget gratis av Sauda kommune. Planen er å bruka det som eit administrasjonsbygg ved minigolfanlegget, som er under etablering i Andedammen-området.

Kostnadene med å flytta bygget og rydda etter seg må den frivillige organisasjonen ordna sjølv. Til transporten fekk dei hjelp av Aartun Transport.

20. mai blei flyttetransporten gjennomført. Den svært breide lasta fekk politieskorte gjennom Sauda sentrum på veg til den nye tomta. Fleire har sendt Ryfylke bilder av flytteprosessen.

Det var ekteparet Rolf Moen og kona Olaug som dreiv kiosken med tilnamnet Moen ved broen». Kiosken stod i Brugata, like ved Nordelv bru. Dei overtok kiosken etter mor og svigermor Emma Moen tidleg på 1950-talet. Ekteparet stengde kiosken i slutten av august 1990.

Bygget har sidan den gong vore både turistinformasjon og bilutleige-bygg.

Nå blir det minigolf-administrasjonslokale.

Powered by Labrador CMS