Årets norske nypoteter er her, men stadig fleire kuttar ut poteta.
Årets norske nypoteter er her, men stadig fleire kuttar ut poteta. FOTO: Eli Strand/ NPK

NPK: Dramatisk nedgang i potetforbruket

No er dei norske nypotetene her, men stadig fleire kuttar ut poteter og vel ris og pasta til middagsmaten. Potetforbruket i Noreg er nesten halvert dei siste 25 åra. Likevel er det ein type poteter som stadig blir meir populære.

Nordmenn eit ifølgje tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt berre 18 kilo poteter per person i året, medan dette talet låg på 29 kilo i 1996. Tilbake på 50-talet sette vi til livs om lag 90 kilo poteter kvar i året så det er ingen tvil om at forbruket minkar dramatisk.

– På 1960 og 1970 talet var det vanleg med kokt potet til dei fleste middagsmåltid. Etter at alternativ for potet som ris og pasta tok over norske middagar vart det naturleg nok ei dramatisk endring i kva som vart lagt på tallerkenen. I tillegg har det komme heilt nye retter som ikkje inneheld potet, som pizza og taco, seier analysesjef Tore Angelsen i Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Dei unge vel vekk poteta

Ei undersøking Kantar har gjort for Opplysningskontoret viser resultatet av denne utviklinga.

– Nesten 1 av 5 oppgir å ikkje ete potet til nokon av kvardagane, medan nesten 1 av 3 oppgir å ete det 3–4 av kvardagane. Det varierer sterkast på alder, der dei eldre et mykje meir potet enn dei yngre.

Trass dei dystre tala har også Angelsen merka seg at små og kokeklare delikatessepoteter ikkje har blitt prega så mykje av nedgangen, men tvert i mot er i vekst.

– Vi har ikkje tal for dette men også vi merkar at folk i større grad tenkjer at smått er godt.

Populære småpoteter

Hos potetbøndene Bjertnæs og Hoel i Vestfold merkar dei lite til den negative trenden. Her har dei produsert småpoteter i åtte år og salgskurvane peikar stadig oppover. Sesongen er så vidt i gang og det er full aktivitet både på åkeren og i pakkeriet. Frå åkrane i Vestfold går det til saman 2000 tonn poteter årleg som alle hamnar i MENY-butikkar rundt om i landet.

– Då vi byrja med poteter var det populært med franske Amadinepoteter og vi spurde oss sjølve kvifor vi ikkje kunne produsere liknande poteter i Noreg. Så etablerte vi eit tett samarbeid med restaurantkokkane og fann ut av vi ville produsere små poteter. Etter dette har alle pilane peika oppover og vi jobbar heile tida med å auke kvaliteten og gjere poteta endå meir miljøvenlege, seier potetbonde Åsmund Bjertnæs.

Bjertnæs og Hoel har stor suksess med småpotetene sine. Frå venstre; Åsmund Bjertnæs, Lars H. Bjertnæs, Øystein Hoel og Henrik Rastad-Hoel. FOTO: Caroline Roka.

Ein av dei tinga det blir forska mest på hos Bjertnæs og Hoel er måtar å forlengje sesongen for norske poteter og på den måten få ned importen frå utlandet.

– Målet er å ha norske poteter i butikkane heile året og ikkje i 10 månader slik som no. Med rett oppbevaring og pakking er vi ikkje så langt ifrå å nå det målet.

Nye sortar

Når du besøkjer potetbøndene i Vestfold er det obligatorisk med ein tur på åkeren. Denne julidagen er det ein heilt ny sort som skal sjekkast, og planten som blir trekt opp av jorda viser seg å ha langt fleire poteter enn det som er vanleg for ei plante, og potetbonden viser stor begeistring over dette. Kvart år blir det sett 25 nye og gamle sortar på garden.

– Det er viktig å ta i bruk nye sortar som kan handtere eit klima i endring, er sterkare mot platesjukdomar og har spesielle smakseigenskapar, seier Bjertnæs.

På garden på Nøtterøy merkar dei altså lite til at poteta tapar terreng og meiner tvert i mot at poteter er trendy.

– Eg klarer ikkje heilt å forstå at poteter ikkje er trendy. Alle kokkane og butikkfolka som vi dreg med oss ut på åkeren er svært interesserte i det vi driv med, så vi kjenner på ingen måte at vi driv med noko som er umoderne, seier potetbonden.

«Korleis koke poteter»

Den kjende tv-kokken Wenche Andersen er bekymra over at poteta taper terreng og kan ikkje heilt forstå kvifor dei unge vel bort denne råvara. Ho peikar på at «korleis koke poteter» er eit vanleg google-søk og er derfor ikkje i tvil om at utviklinga er dramatisk.

Den kjente tv-kokken, Wenche Andersen snakkar fram norske poteter og er uroa over at vi et så lite poteter. FOTO: TV2.

– Poteter er mettande sunt og ikkje minst ei rimeleg matvare. Folk burde heller kutte ned på bruken av kjøtt og på den måten ete både sunnare og rimelegare.

Andersen trur det er viktig å vise folk at poteta har mange bruksområde og at det er lett å lukkast med poteter. I tillegg er det no sesong for norske poteter og då ligg alt til rette for eit heilnorsk måltid.

– No når dei norske nypotetene er å få kjøpt i butikken er det berre å bake dei i omnen, helle over litt norsk rapsolje og til slutt drysse over med litt salt som er produsert på Nord-Møre, seier kokken.

Bra for miljøet

Ei som er meir enn middels oppteken av poteter er agronom, Marianne Berg. Nyleg gav ho ut boka, «Den fantastiske poteten – en kulturhistorie». Då ho vaks opp på slutten av 50-talet åt vi om lag 90 kilo poteter i året per person. Sidan den gongen er potetforbruket halvert to gonger. Det har potet-entusiasten liten sans for.

– Poteta har eigenskapar utover det å mette. Den er kortreist, vitaminrik og ikkje minst miljøvennleg. Det trengst ni gonger så mykje vatn for å produsere ein kilo med ris i forhold til ein kilo poteter. No ønskjer også kinesarane å dyrke meir poteter framfor ris, seier ho.

Forfattaren har også merka seg at vi eit stadig meir tilverka poteter som potetgull og pommes frites.

– Det er rart at nordmenn som er så opptekne av å leve sunt ikkje eit meir «ferske» poteter. Kokte poteter er sunn og god norsk mat og er i tillegg ei billeg matvare, seier ho.

(©NPK)