5. juli la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram prognosane for folketal og demografi fram mot 2050. Her går det fram at svært mange kommunar i distrikta vil slite med endå større utflytting og stadig fleire eldre.
Kort fortalt at ungdomen flyttar ut, og jentene aller mest. Det blir fødd færre barn, og det blir stadig fleire eldre. Det gir store utfordringar for spesielt dei mindre kommunane.
– Det er krevjande å snu dette. Det er tunge krefter i sving i retning urbanisering. Slik har det vore til alle tider, men det nye no er at folketalsveksten har stansa opp. Det er færre menneske å fordele utover landet, seier Venstre-politikaren Alfred Bjørlo.
49-åringen er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, og han har vore ordførar i Eid og seinare i den samanslåtte kommunen Stad før han vart stortingsrepresentant i fjor haust. Tilnamnet «distriktspsykopat» fekk han av dåverande Venstre-leiar Trine Skei Grande i ein oppheita augneblink for nokre år sidan.
– Eg lever godt med den karakteristikken, ler han.
I 2019 vart han kåra til Årets kommuneprofil i Noreg av Kommunal Rapport.
Tilrettelegging
Bjørlo trur det er mogleg å snu den negative trenden for distriktskommunane, men at det då må leggjast til rette for at det er nok attraktive arbeidsplassar også for dei med høgare utdanning, og ikkje minst kvinnene.
– Eg er heilt overtydd om at vi må byggje sterke bu- og arbeidsregionar i distrikta, som kan gi det mangfaldet og det attraktive varierte arbeidsmiljøet som vi veit ungdomar er opptekne av. Vi har fisken, vi har energien og vi har næringsklyngene. Og eg trur den noverande regjeringa er på feil veg når dei reverserer kommunesamanslåingane. Det er ikkje ei løysing å gå tilbake til slik det var og tru at trendane vil snu av seg sjølv, seier han.
Venstre-politikaren viser til at fagforbundet Akademikerne i ei spørjeundersøking blant sine medlemer spurde kva som var det viktigaste for dei i jobben. Og svaret var eintydig. Det viktigaste var å vere del av eit større fagmiljø, å ikkje vere åleine.
– Vi treng dei regionale sentra, større stader med attraktive arbeidsplassar, og så kan folk velje kvar dei vil bu. Det betyr ikkje at dei mindre bygdene vil forsvinne som gode plassar å bu. Det må vere mogleg å ha jobb i eit regionalt senter og likevel bu på mindre stader., seier Bjørlo.
Utdanning gjennom livet
Eit anna viktig poeng for nordfjordingen er at det skal vere mogleg å ta utdanning gjennom heile livet, og at det ikkje skal vere naudsynt å flytte til ein større by for å gjere det. Han etterlyser fleksible modellar for utdanning, og han trekkjer fram Kristiansund i Møre og Romsdal som ein kommune som har kome langt i dette arbeid.
Det skjer gjennom eit samarbeid mellom kommunane og næringslivet. Han fortel at eit likande samarbeid er i emning også i Nordfjord gjennom Inviro Campus Nordfjord. Men Kristiansund har kome endå lenger.
– Vi må erkjenne at når mange unge flyttar ut, veldig ofte av fri vilje, så gjer dei det fordi dei ynskjer meir mangfald, eit større kulturtilbod og fleire utdanningsvegar. Dette er ting distrikta må levere på i framtida, det er ikkje nok med ledige jobbar og full barnehagedekning for å gjere ei bygd attraktiv å bu i, meiner han.
Bjørlo meiner det er viktig å tilby gode tettstader med eit breitt kulturtilbod, som også er langt framme på klima- og miljøtenking. Han meiner det er avgjerande å få bort vrengjebiletet av bygdesamfunnet som ein stad der jentene reiser bort frå, og at dei som blir att er machomenn som berre dyrkar interessa si for jakt og bilar, diesel og eksos.
Variert arbeidsliv
– Arbeidslivet må vere variert. Det er vel og bra med batterifabrikkar og industrisatsing, men det er ikkje sikkert jentene flyttar tilbake for det. Det må bli enklare å flytte med seg ein jobb i det offentlege frå dei store byane til distrikta, og likevel jobbe i eit fagmiljø, meiner han.
Alfred Bjørlo er sikker på at utvikling av større kommunar er viktig for å reformere Noreg. Han viser til fleire gode eksempel i Sogn og Fjordane, slik som Sunnfjord kommune med Førde som senter og nye Sogndal kommune med Sogndal som eit naturleg senter.
Han viser også til Voss og Ullensvang/Odda i det som var gamle Hordaland fylke som gode eksempel.
Bjørlo meiner det mange gode idear og tankar i arbeidet til det såkalla Demografiutvalet, leidd av Victor Norman, eit utval som vart sett ned av den førre regjeringa. No kjem den nye regjeringa med ei ny stortingsmelding om spørsmålet, og her vil dei nok byggje på arbeidet til dette utvalet, håpar han.
Optimist
– Eg er optimist, i alle fall på vegner av Vestlandet og store delar av kysten elles. Men vi må halde oppe trykket inn mot ei grøn næringsutvikling og så byggje mangfaldige og moderne bu- og arbeidsmarknadsregionar rundt dette, med sterke sentra. Eg trur ikkje det er til å unngå at folketalet i nokre kommunar vil gå ned, men eg har stor tru på at vi kan byggje livskraftige distriktsregionar langs kysten.
– Vi er avhengige av folk sine frie val om kvar dei vil bu, men vi må leggje til rette for at flest mogleg då vel å busetje seg i Distrikts-Noreg, avsluttar stortingspolitikaren frå Nordfjordeid.
(©NPK)
bent.tandstad@npk.no