Sauda første kvinnelege ordførar, Anne Marie Brekke.
Sauda første kvinnelege ordførar, Anne Marie Brekke. FOTO: Faksimile fra Ryfylke.

Kvinner i Saudapolitikken frå 1900 til idag

I kommunevalet i 2019 vert det sett nye politiske rekordar i Norge: 35 prosent av landets ordførarar er kvinner og andelen kvinner i kommunestyrene er på 40 prosent. I følge forskingsinstituttet Varieties of Democracy på Universitetet i Göteborg er Norge eit av landa med best kår for kvinner i politikken. Korleis har utviklinga på dette området vore i Sauda dei siste 120 åra?

Først er det nyttig å forstå kvifor kvinner i politikken er noko å streva etter. Eit første argument handlar om rettferd. Kvinner utgjer halve befolkninga og bør derfor delta aktivt i samfunnet og politikken på lik linje med menn. I tillegg har likestilling ei lang rekke positive innverknader som alle i det norske samfunnet haustar fruktene av. Forsking viser at likestiling bidrar til betre politiske vedtak og økonomisk utvikling. Den viktigaste årsaka er at jo fleire menneske som er med på verdiskapinga i eit samfunn, desto fleire gode idear blir introdusert i politikken og økonomien. Likestilling er også sterkt knytta til fred, og den kjende psykologen Steven Pinker skildrar i boka The Better Angels of Our Nature: Why Violence Has Declined” korleis kvinnerettar og -perspektiv over tid har gjort verda mindre valdeleg. Kvinner tar med seg ein kultur inn i politikken som som er ulik den menn har. Det er uklart kor mykje som kan forklarast av arv kontra miljø, men at oppvekst og livserfaringer speler størst rolle, er dei fleste einige om.

I Norge fekk alle kvinner røysterett ved kommuneval i 1910 og Stortingsval i 1913. Den første kvinnelege ordførareren var jordmora, Aasa Helgesen, på Utsira. Frå 1926 til 1928 bestod kommunestyret på Utsira nemleg av 11 kvinner og ein mann. Det blir spekulert i at dette var eit resultat av ei kvinneliste som blei sett opp som ein spøk.

Figur 1: Prosentandel kvinner i Sauda kommunestyre 1900-2022. Kjelder: SSB, Ryfylke sitt arkiv og Norsk senter for forskningsdata.]

Figur 1 viser prosentandelen kvinner i kommunestyret i Sauda frå 1900 fram til i dag. Me kan konstatera at ingen kvinner blei valde før tyskarane kapitulerte. I 1945 melder Ryfylke at Fru Riddervold frå Samlingslista og Fru Bojer frå Kommunistpartiet blei vald til det nye heradstyret. To kvinner kom også inn ved neste val i 1947, Inga Johnsen frå Arbeidarpartiet og Anna Isaksen frå Kommunistpartiet.

Dei neste periodane er det berre éi kvinne i kommunestyret. Samstundes blir kommunestyret utvida frå 20 til 26 representantar som gjer at kvinneandelen er under 5 prosent. Medan Ryfylke i 1955 var opptatt av at sauer vert tatt med til vallokalet (Slett ikkje rart at Arbeidarpartiet og Venstre gjorde stor framgang” melder journalisten), vart kvinneandelen tema i 1963: Kor vart det av kvinnene ved valet? Vert dei nominerte berre for å trekkja kvinnene fram til valgurnene? Er dei lokkemat på listene?

Idag kan ein sjå kommentaren som eit varsel om ei ny tid for kvinner i Saudapolitikken. I 1967 gjekk fem kvinner sigrande gjennom valelden”. I 1971 blir på ny fem kvinner frå fire ulike parti valde inn i kommunestyret, som tyder at ei norm om kvinnerepresentasjon sprer seg. Når antalet kvinner fell i 1975, skriv Ryfylke at det er liten tillit til kvinnene blant Sauda sine veljarar” og minst tillit til kvinnene må ein ha lov til å seia at tilhengarane av den borgarlege felleslista (Venstre, Høgre og Det nye Folkepartiet) har hatt. Denne lista fekk inn 7 representantar, men ingen av desse er kvinner”. På dette tidspunktet har ikkje Senterpartiet i Sauda hatt ei einaste kvinne i kommunestyret, men ein kan merka seg at Anne Marie Brekke var vararepresentant i 1979. Ho blir seinare ein sentral politikar, og er for første gong å finna i kommunestyret i 1983 saman med fire andre kvinner. På førstesida etter valet skriv Ryfylke: Det ser ikkje ut for at det skal lukkast å få fleire enn fem kvinner inn i kommunestyret i Sauda”.

Men Brundtland si kvinneregjering” i 1986 ser ut til å ha inspirert både parti og veljarar i Sauda. I valet i 1987 får alle partia inn kvinner i kommunestyret og kvinneandelen er rekordhøg. To kvinner, Anne Marie Brekke og Gro Voldner Birkeland, fekk til og med flest såkalla slengarar i valet. Ein kandidat får ein slengar når ein veljar røyster på ei anna liste enn kandidaten står på, men fører opp namnet til kandidaten på lista. Det viser seg at når kvinner gjennom handling får vist at dei kan, så blir dei verdsett for det”, skriv Ryfylke.

I 1991 er det duka for spekulasjonar kring Saudas første kvinnelege ordførar. Sosialistisk Venstreparti med Klara Tveit i spissen og Senterpartiet sin leiar Anne Marie Brekke gjorde gode val som tydelege motstandarar av EF. Dersom alle parti går saman mot Arbeidarpartiet, får Sauda sin første kvinnelege ordførar. Dryge to veker seinare blir det klart at bygda i staden får sin første kvinnelege varaordførar i Klara Tveit.

Sauda første kvinnelege ordførar, Anne Marie Brekke. FOTO: Faksimile fra Ryfylke.

I 1995 gjer Senterpartiet eit brakval og får endeleg Brekke som ordførar med ein ganske vill” storkoalisjon som strekker seg frå Sosialistisk Venstreparti til Høgre. I intervju med Ryfylke kjem Brekke med kommentarar som passar godt med kulturen som kvinner i følge forskinga tar med inn i politikken. Me har alle til hensikt å få fart på Sauda, og me er alle viljuge til å fira på politiske ideologiar for å få dette til”, seier Brekke.

Fire år seinare går igjen kvinneandelen under 30 prosent. I tillegg må Brekke gi frå seg ordførarkjedet. Ryfylke, som må seiast å vera gjennomgåande gode på dekning av kvinneleg representasjon, er kritiske til utviklinga. Den tener ikkje byen til ære”, skriv avisa på leiarplass. Kvifor er det slik? Analysen frå journalistane Arvid Horpestad og Roar Lund er talande: Kvinner blir oftare strokne frå listene enn menn, og partia er ikkje flinke til å nominera kvinner øvst på vallistene. Det siste gjaldt særleg dei borgarlege partia i 1999, som berre fekk inn ei kvinne i kommunestyret.

Kva seier dei historiske data om korleis partia påverkar kvinneandelen i Sauda? Dersom me analyserer tidsperioden der alle noverande parti har stilt liste i Sauda, altså frå Sosialistisk Folkeparti (Sosialistisk Venstreparti sin forløpar) for første gong hadde liste og fram til idag, ser ein at Sosialistisk Venstreparti (38 prosent kvinner) historisk har høgare kvinneandel enn dei andre partia. Etter SV kjem Venstre (36 prosent), som får mykje av æra for å ha kjempa gjennom kvinners rettar i Norge. Arbeidarpartiet (28 prosent), Høgre (28 prosent) og Senterpartiet (27 prosent) har lik kvinneandel. Kristeleg Folkeparti (18 prosent) og Framstegspartiet (0 prosent) kjem dårlegast ut av dei partia som er aktive i Sauda idag.

I 2003, etter at talet på representantar i kommunestyret blir redusert frå 27 til 19, søkk andelen kvinner til 26 prosent. Nok eit tilbakeslag, men politisk utvikling er sjeldan lineær. Når dåverande ordførar Torfinn Opheim blir stortingsrepresentant, tar Laura Seltveit over.

I 2007 blir ho attvald som ordførar og kvinnene er i fleirtal(!) i kommunestyret. Ryfylke melder om politisk kvinnekupp”. Aldri før har menn vore i mindretal. Får dette konsekvenser for politikken i Sauda? Ordføraren seier til Ryfylke at dei held seg til partiprogramma, men at kvinner kan sjå annleis enn menn på enkeltsaker. Min tidlegare førelesar på Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot, kjem til same konklusjon då han blir spurt av avisa: Politisk betyr det meir at kvinner er godt representert enn at dei er i knapt fleirtal.

Om me ser på det store bildet, er det tydeleg at vala 1987-2007 representerer ein enorm politisk omveltning i Sauda der kvinner gjekk frå å vera marginalisert til å gjera seg gjeldande i styre og stell. Om ein samanliknar Sauda med andre kommunar i Rogaland for dei åra der det finst statistikk (1979-2019), blir det tydeleg at kommunen er framgangsrik på området. Figur 2 viser at berre Stavanger og Sandnes har høgare gjennomsnittsandel kvinner i kommunestyret dei siste 40 åra. Dei tre siste vala har kvinnenandelen i Sauda lege stabilt over 30 prosent , og det er i dag meir sjølvsagt enn nokon gong at varaordføraren heiter Sigrid og ikkje Sigurd. Til dømes svarte over 90 prosent av dei spurde i Norge i ei undersøking at dei er ueinige med påstanden Menn er betre politikarar enn kvinner”.

 

Figur 2: Kart med gjennomsnittleg prosentandel kvinner i Rogaland sine kommunestyre 1979-2019. Kjelder: SSB og FHI]

Saudabuen kan vera stolt av utviklinga dei siste 120 åra: Samfunnet ligg langt framme når det gjeld kvinner i politikken. Ryfylke si dekning av vala viser at avisa har sett saka på agendaen og vore ein viktig pådrivar for kvinner i Saudapolitikken. Men sjølv om kvinner i dag har ein sjølvsagt plass i politikken i Sauda og Norge, er det viktig å ha fokus på området.

For det første er me ikkje i mål, kvinner er fortsatt underrepresentert. For det andre går ikkje likestilling av seg sjølv, men det må aktivt haldast ved like. Kvinners rettar er til dømes blant dei første til å forsvinna når demokratiet forvitrar. Leiarar som Putin, Erdogan og Trump speler på tradisjonelle kjønnroller som reduserer kvinners posisjon i samfunnet til å føde barn og å passa på heimen. Slike krefter har me alle eit ansvar for å motverka.