FOTO: Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB / NPK

Hårtap og manglande sexlyst blant symptoma på long covid

Britiske fastlegar har notert seg kva symptom pasientane deira leid av etter infeksjon med koronaviruset. Tap av lukt- og smakssans, tungpust, brystsmerter og feber var blant dei vanlegaste symptoma, men òg hårtap og manglande sexlyst.

To forskargrupper frå to britiske universitet har no undersøkt symptoma. Dei meiner å ha funne 62 symptom på long covid, skriv Forskning.no.

Dei vanlegaste symptoma som det vart rapportert om, var tap av lukt- og smakssans, tungpust, brystsmerter og feber.

Blant dei mest overraskande funna er at mange pasientar rapporterer om mindre sexlyst, ereksjonsproblem, tarmproblem og hårtap.

– Dette med sexlyst rangerer dei faktisk ganske høgt. Det er uklart kvifor det er sånn, men mange av cellene i hormonsystemet har reseptorar for viruset. Internasjonalt er det mykje forsking på hormonelle effektar av covid-19. seier Arne Søraas, lege ved Oslo universitetssjukehus, til Forskning.no.

– Snart er det ikkje eit symptom vi ikkje har høyrt om knytt til long covid. Det er tydeleg at covid-19 skil seg frå andre virus, seier Søraas, som er prosjektleiar for den norske koronastudien som følgjer 200.000 nordmenn gjennom pandemien.

(©NPK)