FOTO: Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland / NTB

Turistar får ikkje med seg farevarsel

Spektakulær norsk natur lokkar turistar i hopetal til Noreg kvar sommar, men ikkje alle av dei får med seg farevarsla.

NVE har sendt ut fleire farevarsel om flaum og skredfare. Ved gule farevarsel er det avgrensa kor mykje kommunar og lokale myndigheiter kan varsle, er beskjeden frå beredskapssjefen i Vestland fylke, skriv NRK.

– Det er i stor grad basert på at folk må følgje med sjølve, seier fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.

For å få farevarsel på mobilen må folk abonnere på nyheits- og farevarsel. Stensvand håpar bedrifter sjølve er med å spreie bodskapen til turistane om det som kan vere farlege forhold.

– Med dagens ordningar tilseier våre erfaringar så langt, at det dessverre ikkje er mogleg å nå ut til alle med denne typen informasjon, seier fungerande direktør i DSB, Johan Marius Ly.

Innan utgangen av året har DSB fått i oppdrag å opprette ei mobilbasert varslingsteneste. I dag er det mogleg å varsle alle innanfor eit geografisk område med SMS, sokalla lokasjonbasert varsling slik kommunar og Helsedirektoratet gjorde under pandemien. Det nye systemet skal bruke «Cell Broadcast»-teknologi, som kan varsle alle telefonar som er kopla til mobilnettet i eit område.

(©NPK)