Det er ingenting som har eksplodert på fabrikken. Det er bare Sauda kommune og lokale beredskapsaktørar som har si årlege, store beredskapøving.
Det er ingenting som har eksplodert på fabrikken. Det er bare Sauda kommune og lokale beredskapsaktørar som har si årlege, store beredskapøving. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Stor aktivitet i fabrikkbakken:

Slapp av – det er bare ei øving!

Akkurat nå, onsdag ettermiddag, pågår det ei stor beredskapsøving i Sauda, med over 200 lokale beredskapsaktørar. Scenarioet er at ein stor gassbil har kollidert i trafobygget ved smelteverket.

Øvinga starta i dag, onsdag, like rundt klokka 15.00, og blei markert med eit større gassutslepp i fabrikkbakken-området.

– Scenarioet er at ein oksygenbil frå Nippon mistar bremsane på veg ned fabrikkbakken. Den kolliderer inn i transformatorstasjonsbygget, like ved inngangen til smelteverket. Her får me både skade på sjåfør og andre personar som oppheldt seg i området, pluss at hendinga fører til at straumen forsvinn i heile Sauda. I tillegg er det eit ekstra uromoment at det er snakk om ein oksygenbil og fare for eksplosjon, forklarer Harald Eikrem, beredskapskoordinator i Sauda kommune.

Scenarioet er at ein Nippon-gassbil har mista bremsene og krasja inn i trafobygget ved fabrikkbakken. og at det er fleire skadde personar, FOTO: Knut Atle M. Seim.

Stor aktivitet

Den store beredskapsøvinga har vore nøye planlagt i fleire månader. Over 200 beredskapsaktørar deltar i øvinga. 50 personar stiller som såkalla «markørar», altså personar som speler ulike rollar i det tenkte scenarioet. Alle nødetatane deltar i øvinga, og både politi, ambulansepersonell og brannmannskap får bryna seg på oppgåver i og rundt den tenkte trafikkulukka. Også industrivernet ved Eramet bidrar til å handtera «ulukka». Birkelandsvegen, frå fabrikken og Søndenå vil vera stengt for trafikk under øvinga.

Evakuerte- og pårørandesenter

Det skal også etablerast eit evakuerte- og pårørandesenter. Etter erfaringar frå beredskapsøvinga i fjor haust, har ein nå valt å bruka både Folkets Hus og Saudahallen til å ta mot evakuerte og pårørande, slik at ein ikkje samlar alle på éin plass.

– Beredskapsleiinga i Sauda kommune vil samla seg til møte i andre etasje over brannstasjonsbygget. Det at Sauda blir utan straum skaper utfordringar, blant anna for heimetenesta som har mange omsorgstrengande personar som er avhengige av straum, forklarer Eikrem.

Sauda utan straum

Eit straumlaust Sauda vil også skapa problem for ulike tekniske, viktige installasjonar, som vasspumpesystem og kloakkpumpesystem. Her får teknisk eining i Sauda kommune øvd på sine beredskapsplanar og -rutinar.

Straumen blir IKKJE borte i Sauda, under øvinga. Dette er bare eit tenkt scenario.

Varer utover kvelden

Øvinga vil pågå utover ettermiddagen og kvelden i dag, onsdag.

– Dei ulike delane av øvinga blir evaluert av dei ulike deltakarane undervegs i øvinga. Evalueringane skal til slutt enda i ein sluttrapport, seier Harald Eikrem.