Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter under Kommunaldepartementet, som gir råd til små kommunar om samfunnsplanlegginga. Dei presenterer ei verktøykasse til kommunane for å gjere dei meir attraktive for unge menneske.
Målet er å skape attraktive og levande lokalsamfunn i distrikta. Dei 28 tilsette er spreidde rundt i avdelingar i Alstadhaug i Nordland, Steinkjer i Trøndelag og Sogndal i Vestland. Mellingen har sjølv kontorplass i Sogndal.
Utanforskap og mobbing
– Vi veit ein del om kva ungdomar meiner ein kommune skal kunne tilby for at dei skal vende tilbake etter utdanning. Det handlar om å skape bygder der det er godt å vere ungdom, der ein unngår utanforskap, hindrar mobbing, og der det er gode fritidstilbod og møteplassar, seier ho til NPK.
Det må også vere ein kultur i lokalsamfunnet der innflyttarar kjenner seg velkomne.
Direktøren trur unge menneske som har med seg gode opplevingar når dei flyttar ut, vil ha lettare for å flytte tilbake. Det er dette som skaper kjærleiken til heimplassen. Derfor er det så viktig at kommunane lyttar til dei unge når dei legg planar for framtida. Det er vanskeleg å få unge med dårlege minne frå heimbygda til å flytte tilbake, seier ho.
Mellingen er oppteken av at kommunane må tenkje langsiktig i planlegginga av framtida.
– Samarbeid med andre kommunar om blant anna ein felles arbeidsregion er også svært viktig. Det å snakke saman og utveksle erfaringar er heilt avgjerande for å få til framtidsretta bygder, legg ho til.
Marit Mellingen peikar på arbeidsplassar som den viktigaste faktoren for å halde på innbyggjarane. Derfor er det så viktig å vere del av ein større arbeidsmarknadsregion. Ho peikar på Sogndal og Sunnfjord som gode eksempel på regionar som fungerer godt.
Bustadutvikling og møteplassar
Men arbeidsplassar er ikkje nok. Dei unge er opptekne av gode møteplassar og god kvalitet på dei kommunale tenestene. Unge menneske som kjem tilbake etter utdanning vil bu bra, og her må kommunen leggje til rette, meiner Mellingen.
Dei må sørgje for at det er både utleigebustader og ein fungerande bustadmarknad. Det kan skje blant anna ved å prioritere bygging av bustader for eldre, slik at eksisterande bustader blir frigjorde for dei som kjem tilbake, meiner ho.
– Ein annan viktig faktor er at det er tette band mellom næringsliv og skule. Det er mange ungdomar som ikkje veit kva moglegheiter som ligg i det lokale næringslivet. Draumejobben kan vere i heimbygda, og det er viktig at dei veit dette før dei vel utdanningsretning, forklarar ho.
Mellingen er også oppteken av at kommunane må vere realistiske i samfunnsplanlegginga si.
– Sentralisering er både ein global og nasjonal trend. Det er også ein trend at det blir fødd færre barn og at det blir fleire eldre. Måla må handle om andre ting enn vekst i innbyggjartalet. Kommunane må levere godt for unge sjølv om det er fleire eldre. Det handlar om å skape gode kvalitetar i lokalsamfunnet, seier ho.
Mykje av grunnlaget for verktøykassa som er utvikla for mindre kommunar, kjem frå erfaringar frå Ungdommens distriktspanel. I dette offentleg nedsette utvalet deltok ungdomar frå distrikta for å gi råd til regjeringa om framtidig distriktspolitikk.
Her kjem unge med meiningar om sitt eige lokalmiljø, arbeidsmoglegheiter, utdanning og syn på framtida. I dette arbeidet vart det også gjennomført ei spørjegransking om kva motivasjon ungdom har for å bu i distrikta når dei blir vaksne.
Mange svarar at dei kunne tenkje seg å etablere seg på heimplassen fordi dei kjenner seg heime der og trivst, men mange fryktar at dei ikkje skal finne relevante jobbar eller at staden vil bli prega av fråflytting i framtida.
Kollektivtilbodet
Mange nemner at kollektivtilbod og møtestader for ungdom og unge vaksne er mangelvare i kommunen dei bur i. Derfor er det så viktig at kommunane samarbeider om gode tilbod som ungdomane legg vekt på, meiner Marit Mellingen.
Distriktssenteret har ikkje pengar å dele ut til kommunane for å setje i verk tiltak, deira oppgåve er å gi gode og konkrete råd til korleis dei kan løyse utfordringane dei står overfor.
Det såkalla Merkurprogrammet har no kome inn under ansvarsområdet til senteret. Her kan ein gi tilskot til butikkar med lita omsetjing og lang avstand til neste butikk.