Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto:
Illustrasjonsfoto:

Me sparte på straumen i haust

Publisert Sist oppdatert

Hushalda i sørlege Noreg har redusert straumforbruket med heile 17 prosent i september og 14 prosent i oktober samanlikna med i fjor, skriv NVE i ei pressemelding.

Tala er korrigert for temperaturvariasjonar.

– Kraftforbruket for heile landet så langt i år er redusert med 6,1 TWh frå i fjor. Det er tydeleg at mange no sparer straum, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

I industrien og i tenesteytande sektor har også forbruket av straum gått ned no i haust. I tenesteytande sektor var nedgangen i forbruket i sørlege Noreg på 2,4 prosent og 5,1 prosent. Industrien i sørlege Noreg reduserte forbruket med 7,1 prosent og 5,9 prosent. Dette kjem først og fremst av reduksjon i aluminiumproduksjon.

(NPK)

Powered by Labrador CMS