Nokre pyntar juletreet allereie i oktober og tidleg i november.
Nokre pyntar juletreet allereie i oktober og tidleg i november. FOTO: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Juletradisjonane er i endring

Julepynten blir henta fram tidlegare enn før. – No begynner vi veldig tidleg, og avsluttar julemarkeringa også tidlegare, seier trendforskar Gunn-Helen Øye til NRK.

Tradisjonane knytt til jul har vore gjennom ei endring, særleg dei siste tiåra, meiner ho.

– Berre for 30 år sidan hadde vi ein sterk regel om at juletreet ikkje skulle bli pynta før 23. desember.

Debatten om når det er greitt å begynne med nettopp dette, er allereie i gang i sosiale medium. Litlejulaftan-tradisjonen er nemleg ikkje sjølvsagt lenger, og nokre begynner å pynte allereie i oktober og tidleg i november. Ekteparet Caroline og Sondre Åkerøy Sundrønning er blant dei. 5. november pynta dei sine to juletre.

– Vi bestemte oss for å nyte jula skikkeleg i det nye huset vårt, seier Caroline.

Sondre meiner folk er redde for å bryte norma i samfunnet, og skilje seg ut.

– Når folk vil pynte, får vere kvar enkelt sin sak.

Trendforskar Øye har ei forklaring på kvifor juletradisjonane har endra seg, og ikkje er like som for nokre tiår sidan.

– Fordi julefeiringa i dag ikkje er så knytta opp til religion og tru som den var før. I Noreg er det ikkje så mange som er personleg kristne lenger.

(©NPK)