Solcelle-salet skyt i vêretID: 18062446
NPK

Data frå NVE viser at det allereie er installert dobbelt så mykje solceller i Noreg i år som i fjor. Solenergiklyngja trur vi vil får ei tredobling, før året er omme.

Det skriv Teknisk Ukeblad (TU).

– Tredobling av marknaden for solkraft i Noreg vitnar om at nordmenn har vakna. Total akkumulert kapasitet for solkraft i Noreg vil då ved årsskiftet liggje på mellom 290 og 300 MWp, seier Trine Kopstad Berntsen, direktør i Solenergiklyngen, til TU.

Tal frå NVE stadfestar trenden. Dei første ti månadene i år er det installert 118,7 MW solenergi. Det er rekord i seg sjølv.

Ifølgje det tyske analysebyrået EUPD er det dei store anlegga på næringsbygg som dreg marknaden. Byrået meiner det vil bli installert heile 61 MW store solcelleanlegg i Noreg i år. Store anlegg er då definert som større enn 500 kW. Vidare ventar EUPD at det blir installert 48 MW med mellomstore anlegg (mellom 10 kW og 500 kW) og 36,4 MW som små anlegg på privatbustader. Tala stemmer godt overeins med dei frå NVE og Elhub som viser at det er installert rundt 30 MWp solenergi på privatbustader.

(©NPK)
kjell.asmund.sunde@npk.no
Bilete: r381fJWspcs
Data frå NVE viser at det allereie er installert dobbelt så mykje solceller i Noreg i år som i fjor. Solenergiklyngja trur vi vil får ei tredobling, før året er omme.
Solcelle-salet skyt i vêretID: 18062446 NPK Data frå NVE viser at det allereie er installert dobbelt så mykje solceller i Noreg i år som i fjor. Solenergiklyngja trur vi vil får ei tredobling, før året er omme. Det skriv Teknisk Ukeblad (TU). – Tredobling av marknaden for solkraft i Noreg vitnar om at nordmenn har vakna. Total akkumulert kapasitet for solkraft i Noreg vil då ved årsskiftet liggje på mellom 290 og 300 MWp, seier Trine Kopstad Berntsen, direktør i Solenergiklyngen, til TU. Tal frå NVE stadfestar trenden. Dei første ti månadene i år er det installert 118,7 MW solenergi. Det er rekord i seg sjølv. Ifølgje det tyske analysebyrået EUPD er det dei store anlegga på næringsbygg som dreg marknaden. Byrået meiner det vil bli installert heile 61 MW store solcelleanlegg i Noreg i år. Store anlegg er då definert som større enn 500 kW. Vidare ventar EUPD at det blir installert 48 MW med mellomstore anlegg (mellom 10 kW og 500 kW) og 36,4 MW som små anlegg på privatbustader. Tala stemmer godt overeins med dei frå NVE og Elhub som viser at det er installert rundt 30 MWp solenergi på privatbustader. (©NPK) kjell.asmund.sunde@npk.no Bilete: r381fJWspcs Data frå NVE viser at det allereie er installert dobbelt så mykje solceller i Noreg i år som i fjor. Solenergiklyngja trur vi vil får ei tredobling, før året er omme. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Solcelle-salet skyt i vêret