Ein kald vinter gjer at nettleiga og straumprisen stig. Vinteren i år er ikkje noko unntak.
Ein kald vinter gjer at nettleiga og straumprisen stig. Vinteren i år er ikkje noko unntak. FOTO: Vidar Ruud / NTB/ NPK

Folk må rekne med høge straumprisar i heile desember

Straumprisen var låg i store delar av november, men snittprisen i Sør-Noreg enda likevel på vel 140 øre med moms.

Det gjer at straumstøtta for dei sørlegaste prisområda blir om lag 48 øre per kWt. Dermed blir ikkje straumrekninga spesielt låg for november trass i låge prisar dei første vekene av november.

Straumekspert Tor Reier Lilleholt seier til Bergens Tidende at han åtvarar folk mot å følgje med på straumprisane frå time til time:

– Som hovudregel vil folk flest betale cirka 2 kroner per kilowattime, inklusive nettleige og energiavgift, seier han. Summen inkluderer straumstøtta.

Oppmodinga hans til folk som vil vite kor høge straumrekningar dei får framover, er klar: Sjekk kor mykje straum du brukte i fjor, multipliser talet med 2 og del deretter summen med 12 for å få månadsbeløpet.

Straumekspertar meiner at dei høge prisane på dei siste dagane er eit forvarsel på kva som kjem i desember. Det er tørt, kaldt og vindstille, og ingen utsikter til høgare temperatur eller nedbør.

– Prognosane seier at vi får fjorten dagar med skikkeleg kaldt vêr i heile Norden. Temperaturane skal liggje langt under det normale, og det blir ikkje nedbør, seier Sigbjørn Seland, sjefanalytikar i Storm Geo Nena til BT.

(©NPK)