Terje Fatland
Terje Fatland FOTO: Ingvil Bakka/Arkiv.

Ikkje i eit byks

Det er ikkje lenge sidan Mikhail Gorbatsjov gjekk ut or tida. Han var omtykt her i vesten. Han ville byggja bru mellom aust og vest, arbeidde for fred og sameksistens og ville reformera og opna opp sitt eige samfunn.

Han hadde mange slagord. Eitt var: Skal du over ei kløft, kan det berre gjerast i eit byks! Då han i viktig reform, for å opna opp samfunnet, tok loket av trykk-kokaren, steig det opp sterk patriotisme og nedarva nasjonalisme. Sterke krefter løyste opp limet som heldt Sovjetunionen saman. Unionen smuldra og gjekk i oppløysing.

Kløfta kom for tidleg og var for brei. Gorbatsjov fall. Jeltsin og Putin kom.

Har me analogi her hjå oss i vår tid? Ja – til  priskrisa på vår elektriske energi. Det har med visse mellomrom vore verdskongressar med vedtak om djerve mål for å koma over i grønt skifte. Pariskongress og parisavtale var ein slik. Tyskland skunda på og raskt fasa  ut kol- og atomkraftverk. Det skulle erstattast av sol- og vindenergi og ikkje minst norsk vasskraft, Europa sitt grøne batteri som det me nordmenn så stolt kalla det. Infrastruktur med kablar mellom Noreg og utlandet var på plass. Marknaden kunne spela.

Men sjølve grunnstrukturen blei lagt lenger bak i tid, i 1991. Då vedtok Stortinget ny Energilov. Landet sitt fremste konkurransefortrinn og ein viktig del av norsk infrastruktur, vasskrafta , skulle bli børsvare. I dag er det energiunderskot i Europa. Det er fleire delgrunnar til det, men den viktigaste er at det grøne skiftet, spesielt i Tyskland, har kome for raskt og for tungt.

Kløfta blei for djup og brei til at alternative energikjelder kunne fylla opp for utfasa energiproduksjon. Om me tappa ned alle norske vassmagasin og eksporterte all krafta, ville det ikkje mona nok til å regulera prisen ned. Det kan ein lesa av brøken norsk produksjonspotensiale og totalt forbruk på kontinentet. Underskot på børsvare gir høg pris.

Då blir situasjonen slik at dei i Ryfylke, der stor del av den elektriske krafta blir produsert til låg pris, må betala   same høge pris som den marknaden ute i Europa byr. Vanskelege spørsmål tvingar seg fram. Har Noreg spelt frå seg styringsretten over arvesølvet? Eller er det manglande styringsvilje?Dette krev gode og ærlege svar.

Det er ikkje fullgodt å skulda på lite nedbør. Det har striregna på vestlandet. Eller minna om kald vinter, krig i Europa og Putin. Det er delelement. Situasjonen me står i nå er ein villa politikk med utgangspunkt i stortingsvedtak på nitten nitti talet.Sjølv om ordninga over år har tent oss godt, slår den hardt nå når energiunderskotet i Europa er eit faktum.

Og sjølv for sosialdemokratiske veljarar, der solidaritet er honnørord, er det nok grenser for kor langt ein kan dra solidaritetskortet. Me ser diverre at dei klyv opp på gjerdet eller orienterer seg i nye vegkart.

Og dei som ivra mest for marknadsliberalisme og marknadsstyring av vasskrafta, dei sit heilt roleg i båten og fossar fram på meiningsmålingar.

Det er mest som i teksten til Jakob Sande om hestehandlarane: «Men sjølve opphavet til synda, hesten, kom ingen av dei høge herrar på. Han stod der frami skuggjen utfor stova, han stod der utfor stova og åt.»

Gorbatsjov hadde rett i at skal du over ei kløft, kan det berre gjerast i eit sprang. Men er kløfta så brei at du ikkje har nok spenst til å koma over i eit byks, då må du gå omveg. Det er vondt å falla i kløfta.

Det kjennest. På kroppen, på gallup og i lommeboka.