Kristin Krohn Devold er administrerande direktør i NHO Reiseliv.
Kristin Krohn Devold er administrerande direktør i NHO Reiseliv. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Dei fleste skal feire jula heime – men stadig fleire reiser på hotell

75 prosent av oss skal feire jula i heimen. Av dei 25 prosent som skal reise bort skal tre firedelar feriere her i landet.

Dette går fram av ei undersøking meiningsmålingsinstituttet Kantar har gjort på oppdrag frå NHO reiseliv. Når 75 prosent av dei som skal reise bort svarar at dei skal ha juleferien i Noreg, så er det eit langt høgare tal enn i 2019, altså før pandemien.

Kommunikasjonssjef Ida Bakken Tønder i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO Reiseliv seier til Nynorsk pressekontor at det ikkje er målt eit så høgt tal på nordmenn som skal på juleferie innanlands sidan dei årlege undersøkingane starta i 2014.

20 prosent av dei som ikkje skal vere heime i jula reiser til eit anna land i Europa, medan fem prosent skal til eit land utanfor Europa.

Skifte etter pandemien

– Etter pandemien har vi sett eit skifte med langt fleire som vel å feriere i Noreg enn det vi har sett tidlegare. I sommar var det rekordmange nordmenn som ferierte i eige land, og denne trenden held fram med stor auke i talet på nordmenn som skal på juleferie i Noreg, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Ho fortel at det er skiaktivitetar som gjeld i jula, men at opplevingar som hundekøyring og kanefart også har vorte svært populært.

Krohn Devold fortel at dei fleste som reiser bort i jula skal vitje vener og familien eller vere på hytta. Men stadig fleire vel å opphalde seg på hotell heile eller delar av jula. Ho peikar på Dr. Holms Hotell på Geilo i Hallingdal som eitt av mange høgfjellshotell som får mange gjester denne jula.

Dr. Holms Hotel på Geilo er eitt av mange høgfjellshotell med mange bestillingar i jule- og nyttårshelga. FOTO: Dr. Holms Hotel.

– Vi har hatt ei positiv utvikling med 90 prosent belegg i 2019, medan det var 50 prosent i fjor. I år er vi fullbooka i jule- og nyttårshelga. 60 prosent av gjestene er nordmenn, medan 40 prosent kjem frå utlandet. Og dei fleste av denne gruppa kjem frå Danmark, seier Sigmund Vika, administrerande direktør ved Dr. Holms.

Gunstig kronekurs

For mange utlendingar, og ikkje minst danskane, gjer kronekursen det ekstra gunstig å feriere i Noreg i juleferien. Slik kursen er no får danskane 140 norske kroner for 100 danske.

På Beitostølen i Valdres har dei registrert ein auke i bestillingane på ti prosent i forhold til 2019. 80 prosent av dei er frå nordmenn. Her har dei mange storfamiliar med mor, far, barn og besteforeldre, pluss ei gruppe dei kallar aktive vaksne.

– For barna er alpinanlegget mest populært, medan dei aktive vaksne helst vil gå langrenn. Aktivitetar som hundespann, riding, kanefart, airbord og bassenget er også populært, seier Atle Hovi, direktør ved Beitostølen Resort.

Mange andre skireisemål melder også om stor pågang til juleferien.

Hotella på Beitostølen har godt belegg i jule- og nyttårshelga. FOTO: Terje Pedersen / NTB / NPK