235.000 nordmenn står utan fastlege. Aller verst er det i distrikta der ein heller ikkje har same tilgang på private alternativ om ein manglar fastlege.
235.000 nordmenn står utan fastlege. Aller verst er det i distrikta der ein heller ikkje har same tilgang på private alternativ om ein manglar fastlege. FOTO: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Fastlegekrisa: Distrikta er ekstra ille ute

235.000 nordmenn står utan fastlege. Aller verst er det i Distrikts-Noreg kor fleire kommunar har innført såkalla nordsjø-turnus for å sikre tilgang på lege.

– Då ein gjekk over til fastlegeordninga i 2001 blei det raskt ein suksess. Alle fekk rett til å ha ein fast lege og det styrkte primærhelsetenesta og rettane til pasientane. Utfordringa er at ein ikkje har tatt høgd for dei utfordringane som har kome sidan.

Det svarar leiar Nils Kristian Klev i Allmennlegeforeningen til Nynorsk pressekontor på spørsmål om kvifor vi har fått ei fastlegekrise.

Han viser mellom anna til eldrebølgja og auka arbeidspress, som problem som har vore aukande i den perioden fastlegeordninga har eksistert.

– Ein må gjere meir i fastlegepraksis, samstundes har sjukehusa innretta seg slik at meir skal gjerast ute i kommunane. Dette har ført til fastlegemangel, seier Klev.

Legevaktproblem

Allereie tilbake i 2008 var Helsedirektoratet uroa for kapasiteten i fastlegeordninga. I 2011 kom samhandlingsreforma som skulle flytte oppgåver frå sjukehusa til kommunehelsetenesta. Då sa dåverande helseminister Bjarne Håkon Hanssen at det ville bli lagt opp til å etablere 500 nye fastlegestillingar i året i ein femårsperiode for å ta unna det som skulle komme.

– Det skjedde aldri. Presset på fastlegeordninga auka sakte, men sikkert. Ei arbeidstidsundersøking frå Helsedirektoratet som kom for nokre år sidan viste at gjennomsnittleg arbeidstid for ein fastlege var 55,6 timar i veka. Legane har strokke strikken så langt det går og opplever no at arbeidsmengda er uhandterleg, seier Klev og legg til:

– Vi har òg ein anna uløyst floke og det er legevaktorganiseringa. Det er slik at fastlegane i landet gjennom lov og forskrift er pålagde å delta i legevaktordninga i kommunen. Men det finst inga øvre grense for arbeidstidsvern der, så tida ein brukar som legevakt kjem på toppen av allereie fulle arbeidsveker for veldig mange.

Verre i distrikta

Ifølgje Klev har problemet lenge vore størst i Distrikts-Noreg. Fleire småkommunar har i ei årrekkje slite med å få tak i fastlegar, men no ser ein òg at større byar og tettstadar har fått vanskar med rekrutteringa.

– No ser vi at krisa også har kome til Stavanger, Bergen og Trondheim. No er det berre i Oslo og nokre av kommunane rundt som framleis rapporterer om rimeleg grei rekruttering, fortel Klev.

Han peikar på at løysinga finst, men at staten må komme på bana.

– Dette handlar om finansiering. Staten må komme med tiltak som reduserer arbeidspresset og aukar rekrutteringa. Kommunane må ta ansvar og legge til rette. Ein må vekk frå håplaust dyre vikaravtalar og heller sikre stabile arbeidsforhold for legane ein har.

Nordsjø-turnus

For å løyse legekrisa har fleire småkommunar kome opp med alternative ordningar som sikrar innbyggjarane tilgang på lege i eigen kommune. Ein av kommunane som har hatt god erfaring med ei alternativ fastlegeordning er Solund i ytre Sogn. Der har ein innført såkalla nordsjøturnus, kor legane er på jobb ei eller fleire veker for så å ha friveker.

– Vi har eigentleg fire legar i dag som løyser legedekninga hos oss og som gjer at vi har vakt 24/7. Det er ei kjempegod ordning for oss og utruleg viktig, seier ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Solund kommune til Nynorsk pressekontor.

Per i dag ser ikkje ho føre seg nokon annan måte legesituasjonen i kommunen kunne vore løyst på.

– For oss er dette kjempegod investering. Vi er ein liten kommune og det er til kvar tid få tilsette på jobb på sjukeheimen og på andre helsetenester. Då hjelper det å vite at ein har den faglege tryggleiken og ein lege i bakhand om noko skjer, seier Mongstad.

Ho peikar òg på at legane, trass i at dei pendlar, etter kvart blir ein del av miljøet i kommunen.

– Pasientane får ein kontinuitet når dei oppsøkjer helsetenesta. Legane blir kjende med pasientane, seier ho.

Fleire ulemper

Ein annan kommune som har nordsjø-turnus for legane sine er Lyngen i Nord-Troms. To av fastlegane der, Carol Pascoe og Arne Haugstad, skreiv tidleg i desember ein kronikk i Dagens Medisin der dei peikte på fleire ulemper med ordninga. Dei skriv mellom anna dette:

«Vår konklusjon er at NT-ordningen er et resultat av fastlegekrisen. Den løser ikke utfordringer som fastlegeordningen står ovenfor når det gjelder å rekruttere og beholde tradisjonelle fastleger, spesielt ikke i distriktene.»

Blant utfordringane peikar dei på manglande stabilitet for pasientane, den gjer det vanskelegare å rekruttere fastlegar som vil busette seg i kommunen og det er vanskeleg å skaffe vikarar til ein slik turnus.

Pascoe og Haugstad konkluderer òg med at fastlegeordninga ikkje kjem til å bli noko betre utan at arbeidspresset på fastlegane blir redusert.

(©NPK)