Verken juletrenett eller vedsekker skal kastast i plastinnsamlinga, sjølv om dei er laga av plast.
Verken juletrenett eller vedsekker skal kastast i plastinnsamlinga, sjølv om dei er laga av plast. FOTO: Grønt punkt Norge / NPK

Juletrenett og vedsekkar skal ikkje kastast i plastinnsamling

Grunnen er at nettet kan snurre og kveile seg fast i maskineriet på sorteringsanlegga, noko som kan skape driftsstans og store øydeleggingar.

– Vi oppfordrar alltid alle til å kjeldesortere, men akkurat juletrenettet er veldig problematisk å få inn på sorteringsanlegga som handterer all plastemballasje før det blir materialgjenvunne, seier Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt punkt Norge, i ei pressemelding.

Det same gjeld for vedsekkar.

– Nettet skal kastast i restavfallet, i all fall for dei aller fleste, seier Ljøstad.

Unntaket er for innbyggjarar på Nedre Romerike, Follo, og andre kommunar som leverer avfall til ettersorteringsanlegget på Romerike avfallsforedling (ROAF). Her må nettet klippast opp før kasting, eller bli levert til ein gjenvinningsstasjon for å unngå øydeleggingar på ettersorteringsanlegget.

(©NPK)