Jeanett Pedersen, funksjonsleiar gastromedisin ved Haugesund sjukehus.
Jeanett Pedersen, funksjonsleiar gastromedisin ved Haugesund sjukehus. FOTO: eirik.dankel@helse-fonna.no

55-åringane i Sauda får tilbod om tarmsjekk

Helse Fonna i gang med nasjonalt screeningprogram for tarmkreft.

Tarmkreft er ein av dei mest vanlege krefttypane. I Noreg får om lag 4 500 personar tarmkreft kvart år og rundt 1 600 dør årleg av sjukdommen. Tal frå Kreftregisteret viser at dersom dette blir oppdaga tidleg, og ein raskt kan starte behandling vil meir enn 95 prosent overleva.

Heimetest

Helse Fonna sluttar seg nå til eit nasjonalt screeningprogram for tarmkreft der alle 55-åringane i regionen får tilbod om å delta. Metoden som blir brukt i Norge når screeningsprogrammet startar, er ein test av blod i avføringa. 55-åringane får først tilsendt informasjon om tilbodet frå Kreftregisteret via HelseNorge.no. Deretter får pasienten tilsendt eit prøvesett i posten. Dette skjer berre viss ein takkar ja til å delta, noko som er heilt frivillig. Testen tar dei heime sjølve og sender inn til analyse. Analyse av prøva vil bli gjort ved Akershus Universitetssjukehus.

– Tarmscreening kan redde liv, og vi er utruleg glade for at dette programmet no blir innført – slik at vi kan oppdage kreft på eit tidleg tidspunkt. Dette er eit lågterskeltilbod, og det skal vere enkelt for alle 55-åringar å delta, seier funksjonsleiar gastromedisin ved Haugesund sjukehus, Jeanett Pedersen.

Oppfølging i Haugesund

Dei første som blir invitert til å delta, er personar som er født i 1967, og no er invitasjonane sendt ut til nokre kvinner og menn i denne gruppa. Tilbodet skal gradvis bli sendt ut til alle i Helse Fonna det året dei fyller 55.

Dersom laboratoriet finn blod i prøva, blir personen innkalla til ei koloskopiundersøking ved det lokale sjukehuset sitt. For deltakarane i Helse Fonna vil koloskopi bli gjennomført på sjukehuset i Haugesund – ved poliklinikk for gastromedisin.

Meir informasjon om programmet ligg på Helse Fonna sine nettsider og på kreftregisteret.no