Kraftig regenerering på elbilar kan gjere at folk mistar kontrollen på glatte vintervegar, åtvarar Naf. Arkivfoto:
Kraftig regenerering på elbilar kan gjere at folk mistar kontrollen på glatte vintervegar, åtvarar Naf. Arkivfoto: FOTO: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Naf åtvarar mot å la elbilen bremse sjølv på glattisen

Elbilar bremsar nesten på eiga hand fordi dei bruker bremseeffekten til å lade batteriet. Kraftig regenerering kan gjere at du sklir på glatte vegar.

– På glatte vegar er det lurt å skru ned bremseeffekten til eit minimum eller heilt av, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i Naf i ei pressemelding.

Når ein slepp opp gasspedalen på ein elbil, vil bilen bremse av seg sjølv og samtidig få litt påfyll av straum. Det kan føre til ein mistar kontrollen på glatt føre.

– Når du kjem mot ein sving på glatt føre og slepper gassen og regenereringa på bilen byrjar å jobbe, kan bremsinga føre til at du sklir ut av vegen i staden for å komme deg trygt gjennom svingen, seier Sødal.

Han tilrår også å vere lett på gassen då det er fort gjort å spinne på glatt underlag.

Det er likevel mogleg å justere regenereringa på dei fleste nye elbilar etter føre, slik at ein ikkje treng å ha den avslått gjennom heile vinteren, men kan justere det etter forholda.

(©NPK)