Viss det blir veldig kaldt i januar og februar, kan straumprisen fyke i taket.
Viss det blir veldig kaldt i januar og februar, kan straumprisen fyke i taket.

Kraftanalytikar trur på straumpris under 2 kroner resten av vinteren

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt forventar ein straumpris på under 2 kroner i snitt i Sør-Noreg resten av vinteren.

Publisert Sist oppdatert

I desember har straumprisen i Sør-Noreg svinga frå 6-7 kroner per kWt i starten av månaden til mellom 1 og 2 kroner i romjula.

– Det er mykje vind i Europa og vi kan importere mykje straum og spare på vatnet i magasina. Situasjonane er vesentleg betre enn han har vore, seier Reier Lilleholt til Agderposten.

Han forventar ein kraftpris på under 2 kroner i snitt før avgifter i januar og februar.

– Så blir sjølvsagt temperaturen viktig. Prisane vil løfte seg om det blir veldig kaldt igjen.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS