Tabell som viser forskjellen på den julianske og den gregorianske kaldendaren.
Tabell som viser forskjellen på den julianske og den gregorianske kaldendaren. FOTO: NPK

I år 1700 «mista» vi elleve dagar

Tenk deg at du går og legg deg 18. februar for så å stå opp igjen 1. mars. Du har ikkje sove i elleve dagar, men ved midnatt blei kalenderen du har kjent til heile ditt liv bytt med ein ny. Dette skjedde i Noreg i år 1700.

Den gregorianske kalenderen som vi brukar i dag, og som òg er den mest utbreidde kalenderen i verda, avløyste den julianske i Noreg i år 1700. Det var Julius Cæsar som innførte den julianske kalenderen i Romarriket i år 46 før Kristus. Det var ein kalender som var bygd opp etter egyptisk mønster – altså etter dei egyptiske kalendrane. Den hadde 365 dagar kvart tredje år og 366 kvart fjerde år. Ein løyste skilnaden mellom kalenderåret og solåret eller det tropiske året med eit skotår kvart fjerde år.

– Dette fungerte bra i lang tid, men over tid skapar den ein mismatch i forhold til tida jorda faktisk brukar rundt sola. På 128 år byggjer det seg opp ein ekstra dag som ikkje blir tatt unna. Runden jorda har rundt sola frå vårjamdøgn til vårjamdøgn tar 365 dagar, 5 timar, 48 minutt og 47 sekund. Det er ikkje den julianske kalenderen nøyaktig nok til å fange opp, forklarar konservator Geir Thomas Risåsen ved Norsk Folkemuseum til Nynorsk pressekontor.

Geir Thomas Risåsen ved Norsk Folkemuseum fortel at det var mange som vart sinte då den gregorianske kalenderen blei innført i Noreg i 1700. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Den gregorianske kalenderen vi brukar no kan på mange måtar likne den julianske. Vi har også skotårsdag kvart fjerde år, men det er likevel ein tydeleg skilnad som gjer at vi ikkje byggjer opp ekstra dagar over tid. Det er nemleg slik at den gregorianske kalenderen droppar skotår i år som er delelege med 100 unntatt år som er delelege med 400 som likevel er skotår. Sagt på ein annan måte: Over ein 400-årsperiode vil tre skotår bli gjort om til normalår.

– Det er den mest presise kalenderen vi har, seier Risåsen.

Opprør

Det var Pave Gregor XIII som innførte den nye kalenderen i 1582. Dei fleste katolske land, blant andre Spania, Italia, Portugal og Frankrike var raske med å gjennomføre reforma og det gjorde at den nye kalenderen fekk eitt breitt nedslagsfelt allereie frå start. I Danmark-Noreg blei reforma innført først i 1700, i Storbritannia i 1752, i Sverige i 1753 og Russland byrja ikkje bruke den nye kalenderen før i 1918.

– At Russland var så mykje seinare enn andre land med å gjennomføre reforma førte mellom anna til at russiske deltakarar på eit internasjonalt sportsarrangement kom elleve dagar for seint til start, fortel Risåsen.

I 1582 kom den store kalenderreforma. Ein kommisjon nedsett av pave Gregor XIII erstatta den julianske kalenderen med den gregorianske. FOTO: Wikimedia

Truleg var nordmenn flest langt frå fornøgde med kalenderreforma i 1700.

– Det var nok mange som var sinte og frustrerte over at dei hadde «mista» elleve dagar, seier Risåsen.

Han kjenner ikkje til konkrete opptøyar i Noreg, men fortel om opprørske tilstandar i andre land.

– I England var det opptøyar og protestar mot inngrepet som var i ferd med å skje. Og det var ei gjengs oppfatting i mange land at dette ikkje var bra og kanskje var det særleg mykje motstand i dei protestantiske.

Påska er ein nøkkel

Kristendommen spelar ei nøkkelrolle når det gjeld kvifor kalenderreforma blei innført. Den første søndagen etter fullmåne etter vårjamdøgn er det 1. påskedag. Før Pave Gregor 13. fekk gjennomslag for kalenderreforma si hadde Kyrkja og dei geistlege sett at kalenderåret og påskehøgtida passa dårlegare og dårlegare saman. Truleg var det grunnen til at dei ønskte å få på plass ein kalender der den viktigaste kristne høgtida i kyrkjeåret kom tilbake der ho skulle vere.

– Det er klart at det er påskeformelen som er den viktige nøkkelen her. Påska er den einaste rørlege høgtida og den blir styrt av vårjamdøgn, seier Risåsen.

Han peikar på at reforma til Gregor var overmoden då ho blei gjennomført.

– Dette hadde vore ei kjent problemstilling i Kyrkja lenge. Kalenderen og vårjamdøgnet glei stadig lenger og lenger frå kvarandre. I 1582 måtte ein kutte ti dagar – det er mykje det.

Primstaven var bygd opp etter den julianske kalenderen. Difor forsvann han også gradvis ut etter at den gregorianske kalenderen tok over. FOTO: Erlend Aas / NTB

Påverka jula

Truleg er også nokre av dei eldre juletradisjonane våre knytt til kva kalender vi brukar. Ifølgje den julianske kalenderen er 6. januar juledag. Dagen er også kjent som 13. dag jul. Ein av to datoar då det tradisjonelt har vore vanleg å kaste jula ut i Noreg. Den andre datoen er 13. januar – også kalla 20. dag jul.

– Eg trur det at nokre kastar jula ut 6. januar og andre kastar jula ut 13. januar har å gjere med kalenderen. Etter kalenderbytet var det utbreidd å kalle 6. januar for den gamle juledagen. Dei som heldt fram å rekne 6. januar som den gamle juledagen kasta jula ut 13. januar, medan dei som tilpassa seg den gregorianske kalenderen og den nye juledagen 25. desember kasta jula ut 6. januar, seier Risåsen.

Å ta kontroll på tida

Tid hadde ikkje same betydninga for folk i Noreg på 1700-talet som det ho har i dag. Kva dato ein skreiv var på mange måtar heilt likegyldig for allmenta. Det ein trengde å ta omsyn til var vekedagar – og då spesielt søndagen som var kvile- og kyrkjedag. I tillegg var det viktig å ha kontroll på dei kristelege høgtidsdagane.

– Ikkje før Noreg blei ein sjølvstendig nasjon i 1814 tok ein for alvor kontroll over tida. Det same skjedde òg etter den franske revolusjonen og store omveltingar i andre land. Det å vinne fridommen sin ser i mange tilfelle ut til å vere parallelt med å ønskje seg kontroll over eiga tid, seier Risåsen.

Den gregorianske kalenderen som vi brukar i dag, og som òg er den mest utbreidde kalenderen i verda, avløyste den julianske i Noreg i år 1700. FOTO: Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK

Før 1814 hadde ein ikkje eit felles klokkeslettet for heile Noreg. Det var mellom anna ei Bergenstid og ei Christianiatid. Etter kvart som ein la opp dagen sin meir og meir etter klokka blei dette etter kvart eit kjempeproblem

– Etter 1814 gjorde ein geografiske oppmålingar som gav ei nøyaktig oppmåling av landet. Då kunne ein òg fastslå ei normaltid for Noreg, seier konservator Geir Thomas Risåsen.

(©NPK)