Statistisk sentralbyrå (SSB) har oppdatert tala sine for tilbod og etterspurnad for ulike typar helsepersonell fram mot 2040.
I helsesektoren vil dagens utvikling halde fram. Fleire av dei som vel karriere innan helse, tar høgare utdanning, på kostnad av mengda som vel lågare utdanning.
For få varme hender
– Sjølv om den kommande aldringa av befolkninga har vore kjend i lang tid, blir det utdanna for få sjukepleiarar. Sjukepleiarmangelen er venta å forverre seg i åra framover. Situasjonen blir ikkje betre av at det samtidig ser ut til å bli aukande mangel på helsefagarbeidarar, vernepleiarar og ergoterapeutar. Det ser også ut til at det blir utdanna for få bioingeniørar, jordmødrer og helse- og tannhelsesekretærar, skriv SSB i samandraget av rapporten.
Med vidareføring av dagens mønster for utdanning og innvandring er det venta å vere nokolunde balanse mellom tilbod og etterspurnad for legar, fysioterapeutar, helsesjukepleiarar og radiografar fram til 2040. Det kan bli rikeleg tilgang på psykologar, tannlegar og tannpleiarar.
Usikre faktorar
Dei førre framskrivingane vart publiserte i 2019. Tala viste den gong same forventningar. Den siste rapporten er basert på ferskare informasjon, men tendensane som medfører auka helsepersonellmangel, er dei same.
– Dette kjem av at dei demografiske endringane er den viktigaste forklaringsfaktoren bak den anslåtte utviklinga frå 2019 til 2040, skriv SSB.
Andre faktorar av betydning for helsepersonellbehovet, er betra helsetilstand hos eldre, omfanget av ubetalt omsorgsarbeid i heimen og politiske prioriteringar. Desse gir noko uvisse i samband med talfestinga av den anslåtte utviklinga.
(©NPK)