Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Papiraviser blir sjeldnare. A
Papiraviser blir sjeldnare. A

Stadig fleire kuttar i papiravisutgåver

Publisert Sist oppdatert

Opplaget for norske papiraviser har gått jamt og trutt nedover i snart 30 år og mange har spådd at papiravisa ikkje kjem til å overleve, skriv NRK.

No har blant anna Rogalands Avis halvert talet på papirutgåver i veka, frå seks til tre. Det same gjer fleire andre aviser.

– Eg hadde trudd at vi skulle klare å halde liv i papiravisa litt lenger, men no går utviklinga veldig fort. Heldigvis har vi andre plattformer å tilby innhaldet vårt på, seier sjefredaktør Bjørn Sæbø til NRK.

I Mediebedriftenes Landsforening er dei ikkje overraska over at fleire aviser no kutter ned på talet på papirutgåver i veka. Det er ei venta utvikling.

– Då vi bad norske medieleiarar spå trendar for 2023, så var det nettopp endring av papirfrekvens mange trekte fram, seier informasjonsansvarleg Trine Ohrberg til allmennkringkastaren.

Ho trur likevel det er lenge til papiravisa døyr heilt ut.

– Papiravisa er veldig viktig for mange, men eg trur papiravisa vil komme i ei anna form enn vi er vande til framover. Eg trur det viktigaste er korleis norske mediehus skal nå brukarane sine.

(NPK)

Powered by Labrador CMS