Bård Ose og Finn Tokvam ha gjennomført 1.000 utgåver av PILS.
Bård Ose og Finn Tokvam ha gjennomført 1.000 utgåver av PILS. FOTO: Foto: Privat/NPK

Bård og Finn og mykje PILS kvar laurdag i 20 år

Det starta eigentleg med at lunsjpraten i NRK-kantina på Minde i Bergen vart lenger og lenger og rocka meir og meir. No har Bård Ose og Finn Tokvam halde det gåande med P.I.L.S i 20 år – og framleis er dei berre halvvegs i planen dei hadde for heile 2003.

– Og no er Emma med i eit mimreprogram om musikken sin på TV 2, ler Tokvam på telefonen frå vestlandets hovudstad, der han held hus til liks med sin gode ven, NRK-kollega og flogvit, Bård Ose.

Dei to karane saman – koplinga mellom Tokvams unike, poetiske og humoristiske sans og Oses, me må vel nesten seia – fotografiske hjerne, som konstant står i opptaksmodus, – har skapt den populære og i moderne NRK-samanheng – heilt unike programposten P.I.L.S.

Over 400.000

– Det var sjølvsagt Finns ide, fortel Bård Ose – også han på telefon frå Bergen – når me spør om korleis namnet oppstod. Forkortinga står for: Populærmusikk Ispedd Litt Sladder. Det høyrer kanskje med til soga at sjefen, som var bortreist då P1-gjengen «på golvet» velsigna dette namnet, etterpå sa at han aldri hadde godkjent PILS som namn, det var komme for å bli og har vore der kvar laurdag sidan. Dei første åra rett etter «Ukeslutt» klokka 13.30 og dei siste par åra frå klokka 14.03.

Sidan den 11. januar 2003 har duoen hatt sendingar kvar einaste laurdag med unntak av nokre få episodar dei første åra, då sporten ikkje hadde eigen kanal. Faktum er dermed – har Bård Ose rekna seg fram til – at då stemmer det at «P.I.L.S.» -gutane har hatt 1.000 sendingar. Ifølgje same mann har rundt 800 vore nyproduserte program med noko slikt som 4.500 historier og like mange låtar, og heile vegen har dei to gjort alt heilt åleine. På ein god laurdag skaffar desse to karane heilt åleine NRK over 400.000 lyttarar!

Bård Ose og Finn Tokvam ha gjennomført 1.000 utgåver av PILS. FOTO: Foto: Privat/NPK

Fekk sjansen

Det er litt meir enn gode lunsjpratar mellom to musikkinteresserte og kreative unge menn som skapte PILS. Finn var den gongen engasjert i programposten «Norgesglasset» og i ein prat mellom dei to om kva han kunne bidra med der, kom det fram at Paul McCartney og Brian Wilson vart 60 år den same veka, med to dagars mellomrom, dei er fødde 18. og 20. juni i 1942.

– Her kom det så mange innspel i lunsjpraten at eg enda opp med fem episodar om desse to karane, som gjekk ut den veka dei runda 60. Det vart såpass vellukka at eg fekk spørsmål om eg kunne gjera noko likande i faste former, om eg rett og slett kunne bidra med ein halvtimes musikkprogram i veka. Eg visste med ei gong at då måtte Bård vera med, og han var ikkje «idle» å be, minnest Finn.

52 på Losjen bar

Hausten 2002 tok dei to med seg ei notisblokk og gjekk på Losjen Bar midt i Bergen. Dei enda opp med 52 konkrete forslag til tema – eitt til kvar veke det kommande året, og sidan har dei knapt sett seg attende.

– Me har vel eigentleg ikkje høyrt noko anna enn at me berre skal halda fram, – med unnatak frå at sendetidspunktet vart flytta ein halvtime for eit par år sidan, seier Bård om programposten som har overlevd både nedskjeringar og dabifiseringa.

– Folk likar gode historier og å få ny kunnskap, svarar Finn når me spør om kva han trur er suksessformelen.

– For oss er det ein draum! Me elskar jo å driva på med dette, seier Finn, som vedgår at han av og til blir nesten skremd av alt kompisen veit og hugsar frå alle tenkjelege og utenkjelege samanhengar.

Lidenskap

– Rein og skjær lidenskap, og så er det jobben min, dette, svarar Bård når me spør korleis og kvifor han er ei slik oppkomme av historier. – Og så har eg eit stort loft med hundrevis av bøker og magasin frå 1960 og fram til i dag og eit rart håve (hovud), legg han til.

Om kollega og kompis Finn seier han at PILS aldri hadde vorte så populært utan Finns humor, kvikke replikk, kreativitet og ikkje minst raske og skeive blikk på alt og alle.

Etter alle desse åra kjenner kanskje dei to karane kvarandre så godt at dei ikkje lenger lét seg overraska av noko ?

– Vel, svarar Bård – i kvart program held eg alltid att eitt eller anna, ein eller annan detalj om dagens tema, til me er i opptak – berre for å sjå og høyra Finns reaksjon. Sjå gliset! Høyra latteren! Få den spontane kommentaren! Det smittar, og det er med på å skapa god radio, gode radiostunder, det trur no eg, seier Bård Ose.

Live med Watts og Stedje

Me kan ikkje snakka med to slike karar om eit så lengelevande program utan å få høyra kva som har vore høgdepunkta for dei. Det er ingen tvil – to livesendingar peikar seg ut.

– Tenk det, me hadde Charlie Watts (trommis i Rolling Stones) som gjest i eit heilt program. Då eg møtte han til frukost dagen etter, sa han at han godt kunne komma att med det andre bandet sitt, seier Bård. Watts var då – i 2010 – i by’n med bandet, ABC & of Boogie Woogievarf …

– Eg gløymer ikkje då Olav Stedje song live til Jackson Browne og John David Souther under den andre livesendinga frå hotellet, seier Finn, som saman med kompisen har sydd saman jubileumssendinga til laurdag 14. – nokre dagar etter jubileumsdatoen den 11. – der tema er band med same namn – me kan røpa band som Nirvana og Rainbow …

Det er elles ingen fare for at Bård Ose og Finn Tokvam går tomme for idear til PILS – dei er framleis berre halvvegs i den opphavelege notisblokka med dei 52 ideane frå Losjen Bar hausten 2002. Dei kan med andre ord halda på i 20 år til – om NRK vil …