Lova om odelsrett har vore oppe på Stortinget fleire gongar dette hundreåret. Torsdag 12. januar var saka tema igjen, denne gongen på bakgrunn av eit forslag frå Framstegspartiet om å fjerne ho frå Grunnlova.
Det var Terje Halleland (Frp), tidlegare statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, som saman med Solveig Horne (Frp) la fram forslag om å fjerne lova om odelsrett frå Grunnlova.
Samfunnsendring
– Med jamne mellomrom blir det gjort forsøk på å oppheve odelslova i Grunnlova. Dessverre har ein ikkje så langt lukkast, og det ser dessverre ikkje ut til å bli slik i dag, sa Halleland under debatten i Stortinget.
Forslaget hadde på førehand ikkje fleirtal då det blei lagt fram for kontroll- og konstitusjonskomiteen. Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt, Sosialistisk Venstreparti og Høgre var mot forslaget.
– Det er synd for det norske landbruket. Samfunnet har endra seg sidan lova blei innført, og det har landbruket i Noreg òg.
Utdatert lov
Sist lova var til vurdering på Stortinget i 2013, var det Venstre, Frp og Høgre som ville fjerne ho.
Grunde Almeland (V) sa under debatten i Stortinget om å skrote lova, at odelsretten er utdatert.
– Det er vanskeleg å sjå føre seg at det er riktig i dagens samfunn at nokre skal ha fortrinnsrett på landbrukseigedom på grunn av rekkjefølgja ein er fødd i.
Han sa at målet med odelsretten har vore å halde landbrukseigedomar i slekta, men at det norske landbruket i dag står overfor andre og større utfordringar.
Arv har skapt sjølvstendig landbruk
Under voteringa i Stortinget stemde 27 for forslaget frå Frp og Venstre om å fjerne lova om odelsretten i Grunnlova. 140 stemde mot forslaget.
– Vi må gjere at fleire gardsbruk har aktiv drift heile året. Då må eigarar kunne overdra landbrukseigedomen sin til andre, spesielt i dei situasjonane der det ikkje er naturleg eller ønskt fullt ut å drive gardsbruk sjølvstendig vidare i familien, sa Almeland.
Nils T. Bjørke i Senterpartiet seier til Nynorsk pressekontor at lova om odelsrett har skapt sjølvstendige bønder i Noreg. På grunn av odelsretten har dei kunne arbeide og tenkje langsiktig. Lova er likevel berre eitt av fleire tiltak som trengst i det norske landbruket.
– Odelslova er ein del av fleire verkemiddel og byggjesteinar som trengst for berekraftig og godt landbruk i heile landet, som konsesjonslov og bu- og driveplikt. På grunn av odelslova kan ein tenkje langsiktig, berekraftig og å etterlate arealet i betre stand enn ein overtok det.