Pianist Eirik Hellerdal Fosstveit gler seg til torsdagens konsertar.
Pianist Eirik Hellerdal Fosstveit gler seg til torsdagens konsertar. FOTO: Privat.

Byr på kammermusikk i lunsjen – og til kvelds

Saman med Distriktsmusikarane i Ryfylke inviterer pianist Eirik Hellerdal Fosstveit torsdag til kammermusikk med fransk opphav og store musikalske utfordringar.

Maurice Ravel var den franske komponisten som skreiv pianostykket Gaspard de la nuit, eller ”Nattens fantom” på norsk. Det omlag 23 minutt lange stykket er rekna som verdas vanskeligaste pianostykke, og er naturleg nok ”frykta” av dei fleste pianistar. Eirik Hellerdal Fosstveit er ikkje noko unnatak.

– Vi skal ikkje spele Gaspard de la nuit, nei. Det har eg ikkje våga, men frå same komponist har vi tenkt å framføre ”Pianotrio”, som også har nokre skikkeleg utfordrande delar undervegs. Det er utrulig kjekt å kunne spele kammermusikk med så flinke musikarar som Distriktsmusikarane i Ryfylke, fortel Fosstveit.

– Krev mykje

Distriktsmusikarane i Ryfylke består av Xenia Berkova på fiolin og Benedicte Årsland på cello. Både Berkova og Årsland er veletablerte musikarar, og sistnemnte har fleire gonger blitt nominert til Spellemannsprisen for utgjevingar ho har gjort saman med gruppa Ensemble Allegria. Saman med Fosstveit skal dei spele eit utval av franske stykke frå heile tre ulike århundrer. Sjangeren kammermusikk er ifølge Fosstveit musikk som er berekna for små rom, gjerne med eit fåtal musikarar i aksjon.

– Vi har hatt nokre få, intense øvingar saman, og også øvd kvar for oss. Desse stykka vi skal spele, krev mykje. Vi gler oss veldig. Når det klaffar, kjenst det heilt magisk, seier han.

Trioen tjuvstartar allereie på føremiddagen torsdag, med lunsjkonsert på Folkets Hus. Hovudkonserten blir halden same kveld i Saudasjøen kapell.

Distriktsmusikarane i Ryfylke består av Xenia Berkova på fiolin og Benedicte Årsland på cello. FOTO: Ryfylkefotografen