Medan vanlege folk meir og meir går over til smørjefrie fellesski, så held Johannes Høsflot Klæbo og andre toppløparar framleis på smørjeski.
Medan vanlege folk meir og meir går over til smørjefrie fellesski, så held Johannes Høsflot Klæbo og andre toppløparar framleis på smørjeski. FOTO: Terje Pedersen / NTB / NPK

Folk flest går på felleski – men det gjer ikkje Klæbo & co

Sportsbransjen sel rundt 300.000 par langrennsski i løpet av ein sesong. Rundt 70 prosent av salet er smørjefrie felleski, hos XXL utgjer dei over 90 prosent. Vinteren 2017–2018 var den store gjennombrotssesongen for smørjefrie ski med feller.

Det vart gjort nokre spede forsøk på smørjefrie ski på 1970-talet, men dei vart aldri nokon stor salssuksess. Ikkje sat dei i motbakkane og ikkje glei dei skikkeleg på flata. Den skjelaktige flata under skiene laga også mykje lyd, og i nedoverbakkane høyrdest det ut som ein pipande klagesong.

Så skiglade nordmenn heldt trufast fram med å smørje skia sine med blå, grønt, raudt, fiolett og stadig nye fargekombinasjonar. Det er enkelt å smørje når det er minus fem og silkeføre, men det er tilsvarande vanskeleg når temperaturen ligg og vakar rundt null. Og det gjer han faktisk ofte.

Gjennombrotet

Skiprodusentane brukte mykje tid og ressursar på å utvikle betre smørjefrie langrennsski, og frå 2010 og utover kom dei første felleskia på marknaden. Det store gjennombrotet for felleski kom altså i 2017-2018-sesongen. Fellane under festeflata er laga enten av ull eller syntetiske fiber, og dei fungerer faktisk bra, spesielt altså på det vanskelege nullføret.

Det går unna også med felleski, men konkurranseløparar held framleis fast på smørjeski. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

– I 2017-2018-sesongen tok det heilt av. Det var bra snøforhold den vinteren, og sportsforretningane selde 370.000 langrennsski til skihungrige nordmenn. 70 prosent av dei var felleski, og det er ingen tvil om at folk set stor pris på å sleppe å bryderiet med å smørje skia. Trenden har ikkje snudd, seier Trond Evald Hansen, administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening, interesseorganisasjonen til dei norske sportsbutikkane, til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at stadig nye modellar kjem med fellar, også det dei i bransjen kallar racingski, altså konkurranseski. Men det blir truleg lenge til vi får sjå dei store langrennsstjernene, som til dømes Johannes Høsflot Klæbo, på slike ski. Dei som skal gå skikkeleg fort, føretrekkjer framleis smørjeski.

Rett nok vart Petter Soleng Skinstad raskaste mann på Fredagsbirken i 2016 på felleski med tida 2.44.13, og han var eit kvarter før nest beste deltakar. Men det førte ikkje til noko gjennombrot for felleskia for konkurranseløparar, sjølv om 15 prosent av deltakarane i Birken gjekk på felleski i 2019.

Ei årsak til det kan vere at det var vanskelege smørjeforhold, og at det var ulikt føre ulike stader i løypetraseen. Då kan faktisk felleskia gjere susen.

– Med felleski har ein sjeldan heilt perfekte ski, men aldri heilt elendige heller, for å sitere ein som har greie på slikt.

Fellen er integrert i solen og kan skiftast ut i sportsbutikken når han er nedsliten. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

300.000 skipar i året

Dei endelege tala for skisalet for 2022 er ikkje klart, men Trond Evald Hansen trur det hamnar på rundt 300.000 skipar, og at det held seg på rundt 70 prosent felleski. Det avgjerande for skisalet er om det er bra snøforhold i dei folketette områda på Austlandet. Er det gode forhold her, så skyt skisalet alltid i vêret.

Andreas Nyheim er kommunikasjonsdirektør i den største sportskjeda her i landet, XXL. Han stadfestar at felleskia fullstendig har teke over skimarknaden for vanlege folk. Over 90 prosent av langrennsskia XXL sel, er felleski.

– Det handlar om at det er enkelt å kome seg ut på tur med felleski, og at skia har vorte stadig betre. Men blant dei ivrigaste entusiastane, dei som er opptekne av god fart i sporet, så har vi sett at ein del har gått tilbake til smørjeski, seier han til NPK.

Desse erfarer at det er relativt enkelt å smørje ski på godt vinterføre, og det gir også best glid. I denne gruppa er det også mange som helst vil skøyte, og som derfor vel å kjøpe skøyteski

NÅR felleskia har overteke marknaden for folk flest, korleis har det slått ut for dei som produserer og sel skismurning? Swix er dominerande på den norske marknaden, men det er langt frå krisestemning i selskapet på grunn av dette. Her må ein tilpasse seg marknaden.

Ikkje heilt smørjefrie

Forskingsdirektør i Swix, Christian Gløgård fortel at dei også opplever at felleskia har vorte stadig betre, og at familiar og vanlege mosjonistar har gått over til smørjefrie ski. Men heilt smørjefrie er ikkje dei smørjefrie heller, i alle fal ikkje vedlikehaldsfrie.

Det er heilt naudsynt med reins av fellane, og dermed har ulike vedlikehaldsprodukt og fellesmørning vorte viktig for blant andre Swix. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB

For det er utvikla ein voks til å smørje utanpå fellene for å gi betre glid, og fellane må reinsast med jamne mellomrom. Og det er framleis behov for glider både framfor og bak festefeltet.

– I dag er felleprodukta, både impregneringsprodukt og smørjevoks, blant dei aller største produkta våre. I løpet av eit år går det ut rundt 100.000 einingar med felleprodukt frå Swix, og det betyr at vi sel nesten like mykje av dei som av den mest populære skismurningen, blåswixen, opplyser Gløgård til NPK.

Han legg til at det i praksis har vore ei dreiing frå den vanlege festevoksen til felleprodukta. Og felleprodukta blir selde både til forbrukar gjennom sportsbutikkane, men også direkte til produsentar av feller og til skifabrikkane.

– Men dei aller ivrigaste skiløparane kjøper framleis smørjeski, slår han fast.