Illustrasjionsfoto.
Illustrasjionsfoto. FOTO: Arkiv.

Straumstøtte til frivillige ut juni

Stortinget har vedteke å forlengje tilskotsordninga for frivillige organisasjonar som følgje av dei ekstraordinære straumprisane til og med juni 2023.

I første tilskotsperiode desember 2021–mars 2022 vart tilskotsordninga forvalta av kommunane. I perioden april 2022–juni 2023 vil tilskotsordninga forvaltast av Lotteri- og stiftingstilsynet.

Regjeringa varsla 16. september i fjor at straumstøtta vil bli auka frå 80 til 90 prosent av gjennomsnittleg straumpris over 70 øre per kWt i perioden oktober-desember 2022. Stortinget har løyvd 70 millionar kroner til formålet. Støttegrada på 90 prosent blir vidareført i perioden januar-mars 2023.

Det er no opna for å søkje om straumstøtte for perioden oktober-desember 2022.

Regjeringa veit at nokre frivillige organisasjonar har problem med å leggje ut for straumrekningane i påvente av støtte gjennom ordninga. Regjeringa har derfor oppmoda energiselskapa til å gi betalingsutsetjing.

(©NPK)