Mange nyttar heilagdagane om våren til å kose seg med utepils. Førebels står dei ikkje i fare for å forsvinne.
Mange nyttar heilagdagane om våren til å kose seg med utepils. Førebels står dei ikkje i fare for å forsvinne. FOTO: Torstein Bøe / NTB / NPK

Regjeringa: Ikkje aktuelt å fjerne heilagdagar i Noreg

Nyleg fekk danskane plutseleg beskjed om at ein av heilagdagane deira kan forsvinne. Dette er førebels ikkje aktuelt i Noreg, roar regjeringa.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet opplyser at fjerning av fridagar ikkje er på dagsordenen.

– Det har ikkje vore diskutert å fjerne offentlege høgtidsdagar og fridagar i Noreg, seier statssekretær Maria Walberg (Ap) til NTB.

Det er heilagdagen store bededag som står i fare for å forsvinne i Danmark. Den danske regjeringa vil ha han bort og meiner det kan skaffe tre milliardar danske kroner ekstra til statskassa. Pengane skal brukast til å styrkje det danske forsvaret.

Saka har skapt stor debatt i Danmark. Ni opposisjonsparti motset seg planane og har komme opp med ein plan for å sleppe å miste fridagen. Men regjeringa står på sitt.

Store bededag er ein årleg heilagdag i Danmark, som fell fire veker etter påske. Den vart innført på 1600-talet, og tanken var at kroer og forretningar skulle halde stengt slik at folk kunne gå edru i kyrkja og be i staden.

Også i Noreg har vi hatt bededag. I 1916 vart han flytta til fredag før allehelgensdag. Deretter vart han i 1950 flytta til allehelgensdag – bot- og bededagen – i 1950. Men han er altså ikkje ein offisiell heilagdag.

Fleire heilagdagar i Noreg enn Danmark

Danmark har i dag elleve heilagdagar, og vil ende opp med ti dersom bededagen blir fjerna. I Noreg har vi desse tolv heilag- og høgtidsdagane:

* 1. nyttårsdag (1. januar)

* Skjærtorsdag (siste torsdag før første påskedag)

* Langfredag (siste fredag før første påskedag)

* Første påskedag (første søndag etter første fullmåne som kjem på eller etter 21. mars)

* Andre påskedag (første måndag etter første påskedag)

* Kristi himmelfartsdag (sjette torsdag etter første påskedag)

* Første pinsedag (sjuande søndag etter første påskedag)

* Andre pinsedag (første måndag etter første pinsedag)

* Første juledag (25. desember)

* Andre juledag (26. desember)

* 1. mai (høgtidsdag)

* 17. mai (høgtidsdag)

Krangel om raude dagar

Heilagdagane har tidlegare vore gjenstand for diskusjon også i Noreg. I fjor tok Unge Venstre til orde for å fjerne alle dei kristne heilagdagane, og heller la folk ta ut fridagane slik det passar dei.

– Vi har ikkje lenger ei statskyrkje. Det er ti raude dagar i året, og ideelt sett burde folk få ta ut dei sånn det passar dei, sa leiar Ane Breivik i Unge Venstre til Nettavisen.

Det fekk finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til å reagere.

– Ser at sentrale Venstre-folk no tek til orde for å fjerne alle dei kristelege heilagdagane, og at det blir brukt ord om utdatert og tåpeleg om dei raude dagane. Eg er djupt usamd i at vi skal fjerne dette som fridagar, skreiv Vedum på Facebook.

2023 og 2024 – to knallår for heilagdagar

Nordmenn har nettopp vore gjennom fleire magre år heilagdagsmessig. I 2022 landa til dømes julaftan og nyttårsaftan på laurdagar, og folk vart «snytt» for ein fridag både 1. juledag og 1. nyttårsdag. Attpåtil var 1. mai på ein søndag.

For mange gir heilagdagane og dei inneklemte dagane ei fin moglegheit til å dra på hytta. FOTO: Berit Keilen / NTB / NPK

Ein rask kikk på kalenderen for 2023 avslører at fleire heilagdagar landar på kvardagar. Til dømes landar 17. mai på ein onsdag. I tillegg får folk ein fridag dagen etter feiringa, sidan Kristi himmelfartsdag landar på 18. mai.

Julaftan i 2023 landar på ein søndag, som betyr at også vesle julaftan er ein helgedag. I tillegg landar heilagdagane 1. og 2. juledag dermed på måndag og tysdag, og skaper potensielt ei fire dagar lang helg for mange arbeidstakarar. Nyttårsaftan blir dermed også på ein søndag.

2024 leverer også svært solid på kalenderen. Julaftan landar nemleg då på ein tysdag, som betyr at onsdagen og torsdagen er offisielle heilagdagar og klemmer inn denne fredagen.

I tillegg landar 17. mai 2024 på ein fredag og blir følgd av pinsehelga, som sørgjer for at også måndagen er fridag.

(©NPK)