Fillip (4) og Lucas Håheim Valskår (6) boltra seg i akebakken under "Kom deg ut-dagen" på Lyngmyr.
Fillip (4) og Lucas Håheim Valskår (6) boltra seg i akebakken under "Kom deg ut-dagen" på Lyngmyr. FOTO: Ingvil Bakka.

"Kom deg ut-dagen" på Lyngmyr:

Fillip (4) og Lucas (6) elskar snøen

Dei fryktlause akande brørne var blant dei mange som i dag tok utfordringa frå Sauda Turlag og Ny Von – og kom seg ut og i aktivitet på Lyngmyr.

 

– Skummelt? Nei! Det er kjempegøy! smiler Lucas Håheim Valskår (6) etter å ha aka utfor den stupbratte akebakken på Lyngmyr.

Også veslebror hans, Fillip (4), kravlar seg til topps og kastar seg oppå akebrettet, utan å nøla. Bakken er så stupbratt at det bare tar få sekund før dei er nede.

Brørne fortel at dette er første gong dei er med på «Kom deg ut-dagen» på Lyngmyr, noko også pappa Martin Valskår stadfestar.

– Men det er ikkje første gong me har vore på Lyngmyr, altså. Og ja, onkel Bjørn kjører løyper her, så me har vore her masse, fortel førsteklassingen Lucas.

Fillip legg til at dei til og med har vore på Lyngmyr når det er mørkt, nesten midt på natta, for då var det lys i stolpane.

Lucas Håheim Valskår i farta. FOTO: Ingvil Bakka.

I dag, søndag, arrangerte Sauda Turlag og idrettslaget Ny Von «Kom deg ut-dagen» på Lyngmyr.  Rundt 150 personar registrerte seg ved ankomst, truleg var det også mange personar i området som ikkje registrerte seg. Det yra av liv på stadionområdet i fleire timar.

– Om eg er fornøgd? Ja! Målet var å inspirera folk til å komma seg ut i aktivitet. Det føler eg me har klart, seier Bjarne Bertelsen, leiar i Sauda Turlag.

Ny Von-leiar Jon Ove Mehus (til venstre) og Sauda Turlag-leiar Bjarne Bertelsen storkoste seg på dugnadsjobben søndag. FOTO: Ingvil Bakka.

Arrangørane møtte fram eit par timar før arrangementet starta, for å klargjera området og aktivitetane. Her var det aktivitetar for einkvar smak, blant anna turquiz, aking, snømann-laging, kaste på blink-leik – og gratis pølser og andre godbitar og drikke.

Det er første gong denne gjengen er med på «Kom deg ut-dagen» i Sauda. Frå venstre: Eskil Haukelid, Sanna Haukelid (10), Hilde Haukelid, Lotte Haukelid (5), Sofie Haukelid (10), Thomas Tungland, Silje Marie Tungland, Theodor Tungland (9) og Gabriel Tungland (7). FOTO: Ingvil Bakka.

Blant dei mange deltakarane finn me to stavangerfamiliar. Familien Haukelid har tatt med seg familien Tungland til hytta si i Åsane hyttefelt i Svandal, og i dag, søndag, var heile gjengen på ni på «Kom deg ut-dagen» på Lyngmyr.

– Me kjøpte hytta vår for halvanna år sidan. Kvifor me valde Sauda? Det er fleire grunnar. Det er billegare å kjøpa hytta i Sauda, det er kjekt med skitrekket like i nærleiken, og det er ei hytte me kan bruka heile året. Me stortrivst på hytta, har kjøpt oss sesongkort i skitrekket og er i Sauda nesten kvar helg, så sant det ikkje kjem noko anna i vegen, fortel Hilde Haukelid.

Mange familiar tok utfordringa og deltok i turquizen. I den vesle løypa var det lagt opp til spørsmål for både barn og vaksne. Ryfylke blei med saudafamilien Austerheim på eit par postar.

Daniel og Miriam Austerheim hadde med seg både far og svigerfar Kjell Reidar og dottera Eline (5) og venninna hennar Ariane Saltvik til Lyngmyr.

Medan dei yngste hadde null problem med å svara kjapt – og rett, blei det meir usikkerheit og diskusjon rundt spørsmåla for dei vaksne. Det var god stemning og godt humør blant både store og små.

– Eit kjekt arrangement. Eg er ikkje like glad i snø og vinter lenger, men når ein kan få vera med på dette med familien, så er det jo veldig kjekt, seier Kjell Reidar Austerheim.

«Er det lov til å gå på do i naturen?», var spørsmåla femåringane Eline og Ariane måtte ta stilling til. FOTO: Ingvil Bakka.

Ein gutegjeng var også klare og motiverte for turquiz.

– Dette er veldig kjekt å vera med på, sa dei, superklare til å ta fatt på spørsmåla.

Yamin Mohammed Nadeen (snart 9), Noah Berhane (9) og Yousef Mohammed Nadeen (12) stilte velvillig opp for fotografering, før spørsmål nummer to i turquizen. FOTO: Ingvil Bakka.

Nede på sjølve stadionanlegget var det grilling av både pølser og marshmallows.

Ryfylke fekk ein liten prat med åtte år gamle Liam A. Håland. Han er frå Sandnes, og har vore på hytta i Svandal i helga.

– Det er første gong eg er med på dette arrangementet, men eg har vore på Lyngmyr før, fortel han, som tydeleg koste seg med grillinga.

Liam A. Håland (til høgre) grilla marshmallows. Til venstre ser me søstrene Nora (4) og Sofie Lie Midthun som var på «Kom deg ut-dagen», med veslebror Sondre (1,5) og mamma Tina R. Midthun og pappa Skjalg Lie. FOTO: Ingvil Bakka.

Arrangøren hadde også tatt med diverse «utkledningsutstyr» til snøfigurar. Litt lett yr i starten på arrangementet gjorde snøen kram og god å jobba med. Elles var vêret perfekt, med opphald og ikkje altfor kaldt i lufta.

Tiril Skaar Nordvik (7) og Engla King (7) laga denne flotte snøfiguren. FOTO: Ingvil Bakka.