Mange reagerte med vantru etter at ein ny stor stein dundra i asfalten i Nesbakken måndag for ei veke sidan. Fjellområdet blei omfattande undersøkt og sikra med både boltar og stålnetting etter at ei 50 tonn tung steinblokk fall ned i vegen i november 2021. Arbeidet varte til langt ut i 2022, og blei etter kvart utvida til også å inkludere sikring av fjellet rundt ”fyrsvingen”.
I dag, måndag, er entreprenør, fjellsikrarar og geolog på plass på oppdrag frå vegeigar Rogaland fylkeskommune. Byggeleiar, Drift og vedlikehald ved Rogaland fylkeskommune, Solveig Margrethe Myge, opplyser til Ryfylke at det er fleire delar av fjellet som skal undersøkast. Det vil ifølge Myge ta nokre dagar før geologens konklusjonar vil vere klare, og eventuelle nye tiltak kan planleggast.
FV 520 ved Nesbakken har måndag vore manuelt dirigert i samband med undersøkingane, og elevar ved Risvoll skule som har skuleveg forbi rasstaden, blir inntil vidare frakta til og frå skulen med buss.