Brann og steinras – viktig hendingar der avisa er heilt avhengig av rask tipsing frå publikum.
Brann og steinras – viktig hendingar der avisa er heilt avhengig av rask tipsing frå publikum. FOTO: Ingvil Bakka

Ryfylke fekk mange tips i januar: – For ein tipsmånad!

Fleire dramatiske hendingar prega januar månad. Fleire valde å tipsa avisa. Det løner seg.

I 18-tida tysdag 31. januar begynte det å brenna inne på ein hybel på Sauda Campus, og nødetatane rykka ut i all hast. Redaksjonen i Ryfylke fekk raskt tips om hendinga, og har valt å belønna to tipsarar som på kvar sin måte valde å kontakta avisa. Den eine tipsaren får tilsendt eit gåvekort på tusen kroner, den andre får eit gåvekort på 500 kroner. Tipsa gjorde at Ryfylke fekk lagt ei sak om hendinga på nett klokka 19.54 same kveld.

To tipsa om steinras

Drama var det også seint om kvelden måndag 30. januar. Då gjekk det eit steinsprang i Nesbakken, og Fylkesveg 520 mellom Sauda og Saudasjøen var stengt ein times tid. Steinen som ramla ned i vegbanen var rundt 200 kilo. Også her blei redaksjonen i avisa tipsa nokså samtidig av to ulike tipsarar. Begge får eit gåvekort på 500 kroner som takk for at dei tenkte på Ryfylke under dramaet.

Tipsa om tunnelras

Eit gåvekort på 500 kroner sender me også til vedkommande som valde å tipsa avisa om steinraset som gjekk på utsida av Iglatjørn-tunnelen seint om kvelden fredag 6. januar. Tipsaren sendte også eit bilde av raset.

Spesielt funn-tips

Det sjette gåvekortet, også det på 500 kroner, går til vedkommande som tipsa avisa om at to barneskulelevar hadde funne ein luftrevolver inne i ein mur, på veg heim frå skulen. Ryfylke fekk intervjua og tatt bilde av jentene og fekk også tatt bilde av luftrevolvaren inne på politistasjonen.

Varierte tips

I tillegg kom det også inn ei rekke andre tips i løpet av januar månad. Desse tipsarane blir belønna med skrapelodd. Desse personane tipsa om at kommunalsjef Eirik Daniel Fatnes har sagt opp stillinga si, om mykje knust glas i turområdet på Tangen, om Hildeborg Juvet Hugdal var nominert som «Årets kvinnelige utøver» på Idrettsgallaen, om Finn Isaksen sin siger i trippel-løpet på Sola, om ukrainaren som mista sonen sin i krigen og om skabb-utbrot på barneskule.