Ole Magnus Grønli, Per Christian Bratheim og Karsten Lien på Kartmuseet.
Ole Magnus Grønli, Per Christian Bratheim og Karsten Lien på Kartmuseet. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

250 år med offisielle kart

I år fyller Kartverket – Noregs eldste statlege tekniske etat, 250 år. Før var kart hemmelegstempla dokument brukt til forsvarskamp – i dag er geodata involvert i omtrent alt vi gjer.

Vi møter Bratheim og kollegaene Karsten Lien og Ole Magnus Grønli ved Kartverket på Hønefoss ein kald januardag. Det er i desember den eigentlege «gebursdagen» er, men jubileet skal markerast med ulike tilstellingar gjennom heile 2023.

Nasjonsbygging

Då Kartverket blei etablert under namnet «Norges Grændsers Opmaaling» var vi i union med Danmark, og det skulle gå over 40 år før vi fekk vår eiga grunnlov. Bakgrunnen for etableringa var at ein tysk offiser i det dansk-norske forsvaret, Wilhelm von Huth, fekk i oppdrag å stå for kartlegging i Noreg.

– Svenskane var rimeleg aggressive på 1700-talet og det var stadig vekk strid. Sverige hadde lenge vore ei stormakt og såg på Noreg som eit område dei kunne forsyne seg litt av. Styresmaktene bestemte difor at det måtte settast i gang kartlegging for å få oversikt over området rundt svenskegrensa i Sør-Noreg. I starten var kartlegginga eit reint militært oppdrag, fortel Bratheim.

Ole Magnus Grønli i Kartverket i Kartmuseet. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Slottet måtte vente

Christopher Hansteen, astronom, geofysikar og kartverksjef i nærare 50 år, blir trekt fram som spesielt viktig for norsk kartverksarbeid på 1800-talet. Han var mellom anna pådrivar for å få på plass Det astronomiske observatorium på Solli Plass i Oslo i 1834. Bygningen fekk stor betydning for både nasjonsbygging og kartarbeid.

– Ein viktig del av det å vere ein nasjonalstat var å ha ein eksakt posisjon på hovudstaden Christiania. For å få til det trengde ein eit observatorium. Hansteen hadde gode kontaktar og trekte i dei rette trådane. Observatoriet blei, mykje på grunn av innsatsen til Hansteen, det første sjølvstendige universitetsbygget som blei ferdigstilt i her i landet. Noreg hadde dårleg økonomi på den tida, så mange andre prosjekt – mellom anna bygginga av slottet måtte ein vente med, fortel Bratheim.

Kartfart med DNT

Hansteen var likevel ikkje ein føregangsmann på alle felt.

– Han meinte at det ikkje var noko poeng å trykkje kart, fordi etterspurnaden ville bli så liten at dei tilsette i den nye avdelinga ville bli arbeidslause, men avdelinga måtte faktisk utvide etter kort tid, seier Bratheim

Behovet for å få ut kart til massane blei nemleg svært mykje større då interessa for fjellturisme blomstra opp utover 1800-talet og Den Norske Turistforening blei etablert i 1868.

– Områda utanfor tettbygde strøk var dårleg kartlagde før folk byrja å gå på tur. Det hadde jo ikkje vore behov for å ha med kart ute i terrenget tidlegare, seier Lien.

DNT og Kartverket har følgt kvarandre tett gjennom historia.

– I ei årrekkje hadde faktisk Kartverket ei fast spalte i Årboka til DNT – der vi formidla nytt om kart, fortel Lien.

Kobberplate brukt til å produsere kart. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

På museum

Norsk kartmuseum ligg i kjellaren hos Kartverket. Der kan du, etter avtale, komme på besøk for å bli betre kjend med historia til etaten. Dei gamle innretningane her viser eit tydeleg bilete av kor utfordrande det må ha vore å jobbe med kart før i tida. Både Lien og Bratheim er museumsguidar når nokon vil ha omvising.

Å gå gjennom museet er på mange måtar som ein times kompresjon av dei 250 åra Kartverket har vore i drift. Lien og Bratheim fortel engasjert om korleis dei første landmålarane tok seg fram i tøft terreng med tungt måleutstyr og eit norsk klima som ikkje alltid spelte på lag.

– Dei som dreiv med kartlegging og oppmåling hadde opphaveleg store utfordringar. Ein var avhengig av å komme opp på toppane for å få sikt, og då måtte ein kanskje stå i vekevis og vente på godvêr, fortel Lien.

Då foto og etter kvart også flyfoto gjorde sitt inntog frå 1920 og utover endra ting seg drastisk.

– Det var kanskje det største spranget innanfor kartproduksjon. Ein gjekk frå å måtte labbe ute i terrenget til å drive fjernmålingar ved hjelp av flybilde, seier Bratheim.

GPS og andre satellittsystem blei tekne i bruk til fastsetjing av posisjon frå 1990-åra, og då blei det heilt slutt med måling frå fjelltoppar.

Maskin brukt til kartproduksjon i tidlegare tider. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Den digitale tidsalder

I dag er nesten alt digitalt hos Kartverket.

– Kartverket produserer ikkje kart lenger. No lagar vi grunnlagsdata, som frå 2013 har vore opne for fri bruk. Det betyr i praksis at kven som helst kan bruke dataa til å utvikle eigne kart, seier Karsten Lien.

Med tida har Kartverket òg fått ei rekke andre ansvarsområde enn det dei har hatt tradisjonelt. Mellom anna har dei no ansvar for all tinglysing av eigedom. I tillegg har Kartverket vore del av fleire effektive samorganiseringsprosjekt.

– Fram til 1992 gjorde Kartverket, andre offentlege etatar og kommunar kartlegging til eigne formål. Då kunne ein risikere å kartleggje det same området fleire gonger, og det er ikkje samfunnsøkonomisk gunstig. Difor blei det såkalla Geovekst-samarbeidet etablert. I praksis inneber samarbeidet at alle kommunar og statlege etatar organiserer kartlegging med samfinansiering, fortel Bratheim.

– Denne typen standardisert utveksling av data har òg ført til eit press på bransjen til å ta i bruk ny teknologi. Indirekte har det ført til at ein har fått ta i bruk digitale bilete i samband med kartkonstruksjon, legg Lien til.

Nokre år etter Geovekst kom òg samarbeidet «Norge digitalt» på plass. Det er eit system for datadeling mellom alle offentlege verksemder.

– Her har Noreg vore veldig langt framme og har danna presedens for EU-lovgiving. Mange land i Europa slit framleis med den typen samarbeid mellom partane i det offentlege. Og EU oppmodar difor andre land til å sjå mot Noreg, seier Ole Magnus Grønli.

Karsten Lien i Kartverket har omvisning på Kartmuseet. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

(©NPK)

Fakta om Kartverket

* Stifta 14. desember 1773 under namnet Norges Grændsers Opmaaling.

* Endra etter kvart namn til Noregs geografiske oppmåling (NGO).

* Noregs Sjøkartverk – sjømålinga – var utskild som eigen institusjon frå 1932. Dei to institusjonane blei igjen samla i 1986, og danna då Statens kartverk.

* Frå 2012 har ein nytta kortforma Kartverket.