Det er våte timar i vente i Sauda.
Det er våte timar i vente i Sauda. FOTO: Meteorologene på Twitter.

Mykje regn i vente

Meteorologisk institutt sender farevarsel i fleng for det neste døgnet.

Frå seint søndag kveld til måndag morgon er det venta opptil 50 millimeter nedbør i Agder, Rogaland og Vestland, melder Meteorologisk institutt. Nedbøren er først venta i ytre strok, og vil deretter breia seg austover.

Ifølge yr.no vil nedbøren avta, men likevel halda fram heile måndag og totalt komma opp i 80 millimeter, Nedbøren vil komma som regn i låglandet, medan høgareliggande område som Breiborg vil kunna få eit solid bidrag til årets påskesnø.

Mykje regn på kort tid vil kunna gi vanskeleg kjøreforhold grunna vassplaning og lokale oversvømmingar, og publikum blir oppmoda om å ta forholdsreglar,

Det er sendt ut gult farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskred, flaumfare og mykje regn og oransje farevarsel for snøskred.