Me brukte meir pengar på opplevingar i 2022, samanlikna med 2021. Det er kanskje ikkje så overraskande i og med at 2021 framleis var eit pandemiår.
Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Me handlar meir opplevingar og mindre klede
Me brukar framleis bankkorta våre mest på nett, men etter pandemien brukar me mindre på varer og meir på opplevingar.
Nye tal frå
SSB viser kvar og kor mykje nordmenn nyttar internasjonale betalingskort som Visa, MasterCard, Eurocard og American Express. Tala viser at kortbruken framleis aukar. Me betalte til saman 532 milliardar kroner med kort i fjor. Det er 30 prosent høgare enn i 2021.
Sidan 2020 har me brukt kortet meir på internett enn fysisk. Internettbruken inkluderer netthandel, men òg betaling med Vipps og tenester der ein skannar ein QR-kode på staden. Sjølv om me framleis brukar mest pengar igjennom internett er prosentdelen gått ned sidan 2021. Då føregjekk 57 prosent av kortbruken på internett. I 2022 var det 53 prosent.
Det er òg endringar i kva me handlar på nett. Me handla mindre varer, som klede, sko og elektronikk, i 2022 samanlikna med året før. Samtidig brukte me meir på reiser, kultur, underhaldning, overnatting og servering.