Det blir lett god stemning når ein skal fotografere blant nyinnkjøpte instrument. Kultursjef Åshild Marie Øverland (bak) og aktivitetsleiar ved Psykisk Helse Sauda, Ågot Fosshaug Grindheim opplyser at det finst mulegheiter for fritidsaktivitetar for unge i Sauda, som ikkje kostar pengar, som lån av instrumentar her på Folkets Hus.
Det blir lett god stemning når ein skal fotografere blant nyinnkjøpte instrument. Kultursjef Åshild Marie Øverland (bak) og aktivitetsleiar ved Psykisk Helse Sauda, Ågot Fosshaug Grindheim opplyser at det finst mulegheiter for fritidsaktivitetar for unge i Sauda, som ikkje kostar pengar, som lån av instrumentar her på Folkets Hus. FOTO: Andreas Isaksen.

Fritidsaktivitetane som ikkje kostar

Det er muleg å fylle fritida til dei yngste med aktivitet, utan at det kostar for mykje. Mange saudabuar har også fått hjelp gjennom kommunens kulturkort.

Fritidsaktivitetar, kultur og idrett for barn og unge kan føre med seg kostnadar som er utfordrande å bere for mange familiar i dag, også i Sauda. Men det er ikkje alt som er dyrt, og om ein er i ein utfordrande økonomisk situasjon, finst det også ein enkel måte å få støtte til å hjelpe barn og unge i familien til å få delta i idrett eller andre fritidsaktivitetar. Den muligheita er det heile 85 saudabuar som nyttar akkurat no.

Kulturkortet er eit tilbod som blir tildelt ved etterspørsel og behov av NAV. Kortet gir eigaren gratis tilgang til kino ti gonger, Saudahallen ti gonger, samt åtte rundar på minigolfbana. Men viktigast av alt er at kortet gir eigaren eitt års gratis deltaking i ein valfri fritidsaktivitet. NAV har opplyst til Ryfylke at kortet skal ha låg terskel for å bli delt ut.

Kultursjef i Sauda, Åshild Marie Øverland, skildrar ordninga som svært god.

– Det er som sagt 85 som nyttar kulturkortet per i dag, og dei ulike organisasjonane er flinke til å opplyse folk om denne mulegheita, noko som gjer at kortet blir brukt både innan kultur og fleire idrettsorganisasjonar i Sauda. Det er positivt. Målet er at det ikkje skal følga noko stigmatisering med bruken av kulturkortet, som vi ønsker skal ha ein inkluderande funksjon, seier ho.

– Løfte blikket

Også Ågot Fosshaug Grindheim, fritidsleiar for Psykisk Helse Sauda og saksbehandlar ved kulturavdelinga i Sauda kommune, meiner kulturkortet fyller ein viktig funksjon, og ho er klar på at denne mulegheita for hjelp til fritidsaktivitet for barn og unge, ikkje kjem til å forsvinne med det første.

– Eg har heilt klart eit inntrykk av at det er brei politisk einigheit og vilje til å ha dette tilbodet, så er eg trygg på at det kjem til å halde fram, seier ho.

Pumptracken er gratis å bruke. FOTO: Arkiv.

Ho understreker at det ikkje er slik at brukarar av kulturkortet nødvendigvis har økonomiske vanskar. Det er svært mange fleire enn før som lever meir økonomisk marginalt, og om ein har eit sterkt ønske om å prioritere fritidsaktivitet for dei yngste, kan dette vere ei hjelpande hand for mange.

– Ikkje minst for einslege er det veldig vanleg å ha ein marginal økonomi. For veldig mange går det rundt, men ein har lite til overs, og må prioritere knallhardt, opplyser Grindheim.

Ho oppfordrar familiar, naboar og bekjente til å løfte blikket, og sjå om ein sjølv kan gjere ein liten eller stor forskjell for andre.

– Er det nokon som kunne ha fått sitte på til trening eller fotballkamp? Eller som kunne ha vore med på bading? Vi kan alle bli endå flinkare til å sjå kvarandre, hjelpe kvarandre og inkludere kvarandre. For nokon betyr det mykje, seier ho.

Mange tilbod

Gledeleg er det då at det finst mange mulegheiter for fritidsaktivitetar i Sauda, som kostar lite eller ingenting å nytte seg av. Kultursjef Øverland fortel at hjelp frå Sparebankstiftelsen har gitt kommunen og Sauda kulturskule ein mulegheit som svært få andre kommunar kan tilby sine unge innbyggarar, nemleg gratis lån av instrument.

– Dette trur eg vi er ganske åleine om. Vi har fått støtte til innkjøp av mange flotte instrumenter, og slik Sparebankstiftelsen har som vilkår, så er desse instrumenta til glede for alle som vil bruke dei. Her på Folkets Hus er det bare å kome og sjå kva ein vil spele, så får ein mulegheita til det. Her er det slagverk ,elektriske gitarar, piano, blåseinstrument,    forsterkarar og mykje anna, fortel ho.

Det kostar ingenting å bada ved badeplassane i Sauda. Her frå Rødstjødnå. FOTO: Per Inge Fjellheim

 Å lage ei liste over alle dei aller rimeligaste eller gratis aktivitetane som finst i Sauda, er ei stor oppgåve. Ein del mulegheiter er godt kjente og godt brukte, som den nye pump track-bana og Tufteparken ved stadion og barneskibandet ved Sauda Skisenter. Andre tilbod er meir skjulte, som turløyper til gapahukar og ulike fjellturar.

– Her er det bare å gi kvarandre gode tips og råd, og hjelpe kvarandre når ein ser nokon som kunne trengt det, seier Øverland.

Ho legg også til at ungdomsklubben i Sauda er eit tilbod som er utforma bevisst for å unngå økonomiske skile blant ungdommen.

– Her er det gratis å kome, og gratis å vere. Alle turar og aktivitetar dei finn på er også gratis, og det er heilt bevisst. Dette har ungdomsleiar Magnar Birkeland jobba veldig nøye med, avsluttar ho.

Her er nokre eksempel på aktivitetar i Sauda som er gratis å nytte seg av.

* Andedammen

* Pump track

* Skatepark

* Stolpejakt (arrangement)

* Badeplassar

* Ungdomsklubben på Folkets Hus

* Turløyper og turstiar

* Barneskibandet på Sauda skisenter

* Tufteparken ved stadion

* Frisbee-golf i Svandalen

* Skiløyper

* Kanoutlån, Friluftsrådet Vest

* Leikeplassar