Den solide gjengen frå Sauda IL og IL Ny Von viste godt igjen både på stadion og resultatlistene då årets vestlandsmeisterskap blei avvikla på Voss Ski- og Tursenter i helga. Med ein delegasjon på meir enn 40 små og store og 19 løparar til start var Sauda svært godt representert!
Laurdagens klassiskrenn gjekk av stabelen under ei steikande «påskesol» med eit skarpt føre som etter kvart blei preka av solsteiken. Dagens medaljefangst stod gutta i G15 for, med ein solid trippelsiger med klar margin til fjerdemann.
Også Lars Dybing Bakka i G12 og Erle Vatne Aas gjekk inn til pallplassar, men vestlandsmeistrane blir først kåra frå 13-årsklassa og oppover. I dei yngste klassane blir ikkje løparane rangert, men tidene til mange av dei lokale rekruttane hadde også gitt medaljeplassar om så var.
Skibyte og fellesstart
Søndagens vestlandsmeisterskap inneheldt fellesstart og byte av ski og stilart medan dei yngste gjekk fristil med intervallstart. Det var knytt stor spenning til skibytet, og fleire frå saudagjengen la inn ekstratrening på dette laurdag kveld. Då var det praktisk å bu bokstaveleg tala midt i langrennsarenaen!
Søndagens meldingar om regnvêr slo dessverre til, med utfordringar på smørefronten som konsekvens. For publikum var det ganske tydeleg at det var store glidforskjellar i felta, også mellom løparane frå Sauda.
Spurta til bronse
Også søndagen var det 15-åringane som stod for medaljefangsten. Ein av dei gjekk til Frida Kolbeinsvik i J15. Til liks med i laurdagens renn hadde hedlingen spart litt krefter heilt på botnen av kista. Inn på oppløpet var ho sist av ei gruppe på tre, men la seg tidleg ut i eit eige spor og spurta forbi dei to ho låg bak og med det inn til ein sterk bronsemedalje.
Northug-triks
Som vanleg var det stilt størst forventningar til Elias Dybing også denne dagen, men søndagens renn hadde eit ekstra spenningsmoment i høve til dagen før. Dette rennet var også 2023-utgåva av Vestlandske skistemna, der 15- og 16-åringane kjempar i lag om ein vandrepokal.
Dermed låg det an til ein spennande duell mellom Elias og Emil Brattebø frå Bulken i G16.
Etter den klassiske delen kom fleire løparar samla inn til skibyte. Det var tydeleg at Elias ikkje hadde hatt optimale ski på den klassiske etappen.
Også Torben Djuv Søfting hang godt med halvvegs. Han var imidlertid uheldig under skibytet og tapte sekund og dermed kontakt med teten.
PÅ veg inn mot stadion og mål kjem Elias Dybing først med Emil Brattebø hakk i hel. I den siste kneika opp til stadion seier saudaløparen takk for følget og rykker ifrå konkurrenten, og inn på stadionflaten er vossingen 20 meter bak. Halvmeteren før målstreken stoppar Dybing opp, tverrstiller skia i beste Northug-stil, kikkar etter Brattebø, og sklir etter kvart roleg over målstreken…
Dermed har Elias Dybing fått G15-16-vandrepokalen for det neste året, ein pokal mellom andre Sjur Røthe har fått låna tidlegare.
Resultat:
Vestlandsmeisterskap klassisk, 18. mars:
J8, 1 km:
Helmine Seim, IL NY Von.
G8, 1 km:
Snorre Kufaas Saua, IL Ny Von, Tord Seim, Sauda IL, Åmund Fatnes Skaarer, IL Ny Von.
J9, 1 km:
Tindra Ness, IL Ny Von.
G10, 1 km:
John Øverland Seim, Sauda IL, Jonathan Seim, IL Ny Von.
J11, 2 km (9 delt.):
1 | Maren Forthun-Botnen, Røldal IL | 06,57 |
2 | Erle Vatne Aas, Sauda IL | 07,41 |
9 | Annika Helene Aarthun, Sauda IL | 09,17 |
G11, 2 km (4 delt.):
1 | Magnus Aarvold, Fana IL | 06,27 |
4 | Snorre Storevik Handeland, Sauda IL | 08,18 |
G12, 2 km (10 delt.):
1 | Henrik Aas Bergstrøm, Voss IL | 05,53 |
3 | Lars Dybing Bakka, Sauda IL | 06,01 |
7 | Torgeir Fatnes Skaarer, IL Ny Von | 06,48 |
G13, 3 km (9 delt.):
1 | Vetle V. Michelsen, Ørnar IL | 08,47 |
6 | Jonar Djuv Søfting, Sauda IL | 09,45 |
8 | Laurits Ness, IL Ny Von | 10,42 |
G14, 3 km (7 delt.)
1 | Henrik O. Lundekvam, Førde IL | 08,27 |
5 | Trym Vatne Aas, Sauda IL | 09,29 |
J15, 5 km (6 delt.):
1 | Othilie B. Thorsen, Førde IL | 15,07 |
5 | Frida Kolbeinsvik, Sauda IL | 16,37 |
G15, 5 km (5 delt.):
1 | Elias Dybing, Sauda IL | 12,55 |
2 | Torben Djuv Søfting, Sauda IL | 13,35 |
3 | Iver Bastlien, Sauda IL | 14,39 |
Vestlandske skistemna, fristil/skiatlon, 19. mars;
J8, 1 km:
Helmine Seim, IL NY Von.
G8, 1 km:
Snorre Kufaas Saua, IL Ny Von, Tord Seim, Sauda IL, Åmund Fatnes Skaarer, IL Ny Von.
J9, 1 km:
Tindra Ness, IL Ny Von.
G10, 1 km:
John Øverland Seim, Sauda IL, Jonathan Seim, IL Ny Von.
J11, 2 km (12 delt):
1 | Unn Sæten, Ørnar IL | 07,44 |
9 | Erle Vatne Aas, Sauda IL | 10,24 |
11 | Annika Helene Aarthun, Sauda IL | 11,56 |
G11, 2 km (6 delt):
1 | Sverre S. Lillegraven, Granvin IL | 07,08 |
5 | Snorre Storevik Handeland, Sauda IL | 10,19 |
G12, 2 km (12 delt):
1 | Viljar Aa. Wikander, Viking TIF | 06,39 |
4 | Lars Dybing Bakka, Sauda IL | 07,19 |
11 | Torgeir Fatnes Skaarer, IL NY Von | 08,42 |
G13, 2+2 km (11 delt.):
1 | Vetle V. Michelsen, Ørnar IL | 12,14 |
8 | Jonar Djuv Søfting, Sauda IL | 14,23 |
10 | Laurits Ness, IL Ny Von | 15,03 |
G14, 2+2 km (6 delt.):
1 | Halle Gjerstad, Bulken IL | 11,58 |
6 | Trym Vatne Aas, Sauda IL | 13,48 |
J15, 3+3 km (5 delt.):
1 | Othilie B. Thorsen, Førde IL | 18,19 |
3 | Frida Kolbeinsvik, Sauda Il | 21,13 |
G15, 3+3 km (5 delt.):
1 | Elias Dybing, Sauda IL | 16,30 |
2 | Torben Djuv Søfting, Sauda IL | 17,17 |
5 | Iver Bastlien, Sauda IL | 18,42 |