Det er over 170 år sidan det vi i dag kjenner som telemarksski vart tekne i bruk i Morgedal. Det var Sondre Norheim (1825–1897) frå bygda i indre Telemark som gjorde telemarkssvingen kjent, og telemarkskøyring vart ein tradisjonell skiteknikk for å ta seg ned bratt og snødekt terreng. Dette førte til utviklinga av telemarksskia – lette innsvinga fjellski med stålkantar eigna for topptur.
Denne skitypen fekk ei stordomstid frå midten av 1980-talet til rundt tusenårsskiftet, med noregscup i 1984 og noregsmeisterskap frå 1994.
Dei siste åra har derimot telemarksski blitt fråverande i fleire skitrekk rundt omkring i landet og i nokre område av Noreg er telemarksski i toppturfjella like sjeldne å sjå som visse fugleartar.
Torstein Myklebostad er dagleg leiar i verksemda Rottefella som utviklar og produserer bindingar til langrenn-, telemarks- og fjellski. Han seier marknaden for telemarksski i dag er liten, men stabil. Stordomstida for bedrifta var under OL på Lillehammer.
– I 1994 blei det seld 250.000 par telemarksski. På den tida var telemarksski det ein brukte på topptur. På starten av 2000-talet kom carvingskia, som gjorde alpint meir tilgjengeleg og enklare å halde på med. Randonee-boomen rundt 2007 tok så brodden på telemarkskøyrarane, fortel han.
Nye typen i bakken
Frå rundt 2010 har randoneeski teke meir og meir av marknaden.
Både telemarksski og randoneeski er lette fjellski. Forskjellen mellom dei kjem først i nedoverkøyringa. Ein kan gå omtrent likt med telemarksski og randoneeski opp eit fjell, men ved nedkøyring på telemarksski er bindingane laga for berre å feste fremre del av foten. Det gjer at hælen kan løftast frå skia. Med bruk av telemarksving køyrer ein ned fjellet med tyngda på ytre ski, som blir ført litt fram slik at indre ski kjem i svak plogstilling.
Når ein skal køyre nedover med randoneeski, festar ein skistøvelen fast i bindinga, som på ei slalåmski. Sør i Europa er randonee meir utbreidd enn langrenn.
Rottefella sel no mellom 3.500–5.000 telemarks-bindingar i året og i Noreg har det blitt vanleg å kalle randonee for å gå topptur». Ordet er opphaveleg fransk og betyr lang tur».
– Eg trur mange av dei som køyrde telemark på 1990-talet har gått over til randonee i dag. Vi i Rottefella sit igjen med ein mindre, men stabil marknad av ihuga telemarkskøyrarar, seier Myklebostad.
Nokre held fast på telemarksstilen
Kristin Høyesveen er salssjef for ski og sykkel hos sportskjeda XXL. Ho fortel at salet av telemarksski hos dei har hatt nedgang dei siste åra. På same tid har sal av ski med toppturbindingar hatt tilsvarande vekst som telemarksski har hatt fall.
– Det er framleis populært å kome seg på fjellet, men fleire vel heller ski med toppturbindingar enn telemarksski, seier Høyesveen.
Ho trur dei som kjøper telemarksski i dag kjem frå familiar der det har vore vanleg.
– Telemarksski er meir teknisk krevjande å stå på, så dei har truleg blitt rekrutterte ved å ha fått opplæring av til dømes ein slektning.
Men det er sjeldan at nybegynnarar kjøper telemarksski.
– Å stå på telemark krev meir teknikk og kunnskap. Topptur med randoneeski er meir som alpint. Alle typar menneske kjøper randoneeski. Det er både nybegynnaren som skal på sin første tur, og det er andre som kjøper for å ha fleire skipar, lette, tunge, tynne eller breie.
Ny boom?
Myklebostad i Rottefella er einig i Høyesveen om grunnen til at fleire går over til randonee.
– Det er lettare. Du treng berre å feste hælen og køyre ned, utan å beherske den telemarksteknikken. Eg køyrde telemark på 90-talet sjølv, og ser at mange av oss på den tida no har blitt eldre med meir slitne kne. Det skapar utfordringar på toppturar der du møter ulikt føre, skare, pudder og meir, og då blir det tryggare å køyre alpint med festa hæl. Samtidig er ingenting meir morosamt enn å køyre telemark i pudder, vedgår Torstein Myklebostad.
Og han trur dei har ein marknad for telemarksski i framtida også.
– Eg ser ein del yngre som byrjar å bli nysgjerrige på telemark. Det vil alltid vere nokre som vil vere annleis og ser at med utstyret på telemark kan dei gjere triks og ha meir fridom i snøen. Plutseleg kan det kome ein ny boom med telemarksski-interesse.