Geir Thomas Risåsen kan mykje om norske merkedagar. Han fortel at primstaven er full av dagar som varslar vêret framover.
Geir Thomas Risåsen kan mykje om norske merkedagar. Han fortel at primstaven er full av dagar som varslar vêret framover. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Vårvêret varsla både død og overflod før i tida

Eit vårteikn kan vere knoppar på trea, blomar som bryt fram frå telen eller fuglar som kjem tilbake. Tradisjonelt har vårteikna i naturen vore brukt flittig for å spå korleis vêret framover kom til å bli.

Ei gammal kjelde for å finne ut kva for meteorologiske vårteikn som kan «spå framtida» er den tradisjonsrike primstaven, som er ein slags evigvarande kalender i tre.

– Primstaven er eigentleg ein ganske genial ting og var i bruk i Noreg i nærare 800 år. Det er ein kalender som tek utgangspunkt i Den katolske kyrkja i den forstand at alle dei katolske helgenane er merkte av der. Etter reformasjonen forsvann gradvis kunnskapen om dei katolske merkedagane, men alt det andre ein knyter opp til dagane, for eksempel vêrteikn og gjeremål hang att i medvitet til folk, og det gjer det på sett og vis framleis, seier konservator Geir Thomas Risåsen ved Norsk Folkemuseum. Han har inngåande kunnskap om primstaven og merkedagane der.

God eller dårleg avling

Ein viktig merkedag for vêrspådommar på primstaven er 14. april. Frå gammalt av trudde ein vêret denne dagen kunne bli avgjerande for korleis både avling og vêr vart kommande sommar.

– 14. april er den første dagen på sommarsida av primstaven. Dette er ein viktig dag på mange måtar – òg for korleis ein såg føre seg at vêret kom til å bli framover, fortel Risåsen.

Primstaven varsla folk om korleis vêret blei framover. Her ser vi ulike merke på byrjinga av sommarsida av staven. 14. april er første dagen med merke, der ser vi eit kornaks. 1. mai var på mange stavar markert med eit dobbelt kors. FOTO: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Vêrteikna denne datoen, som mange andre datoar, har variert frå stad til stad og frå landsdel til landsdel.

– Dagen gav òg varsel om avlinga ein kunne vente til hausten. I Seljord i Telemark meinte ein at klart vêr 14. april gav varsel om eit godt år med god avling. Medan dei i Gudbrandsdalen trudde at ei kald natt til 14. april ville gjere at kornet fraus på marka.

Gauken gol om framtida

Det som vi i dag kjenner som arbeidardagen, 1. mai, blei på primstaven merka som gaukmesse. Det var den dagen ein rekna med å høyre gauken gale for første gong på sommaren, og det å høyre kvar lyden kom frå var eit viktig varsel for tida ein gjekk i møte.

Viss ein høyrde gauken først frå sør var det eit varsel om lykke og godt vêr, og ein kunne vente gode avlingar. Sa han ko-ko frå vest gjekk det meste slik ein ønskte. Høyrde ein gauken frå aust varsla det lykke i ekteskapet. Høyrde du derimot gauken frå nord var det eit teikn på at du ville bli sjuk og sannsynlegvis døy dette året.

– Ved gaukmesse var sommaren verkeleg på veg. Det vart også sagt at viss det var frost dei tre kommande nettene, så varsla det ein kald sommar og eit kaldt år, seier Risåsen.

– I Gransherad i Telemark var 1. mai den første dagen som ein kunne byrje å så. Medan andre bygder hadde 3. mai og korsmesse som første sådag. Korsmesse var også dagen då ein skulle klippe sauene slik at dei var førebudde på å bli sleppte ut, fortel Risåsen.

Hestehoven er blant dei første blomane som bryt fram frå vinterdvalen. FOTO: Terje Bendiksby / NTB/ NPK

Minna om gjeremål

Primstaven hadde i tillegg ein annan viktig funksjon, nemleg å minne folk på kva gjeremål ein måtte i gang med på ulike tidspunkt. Utover sommaren er det fleire merke som skal minne bøndene på kva dei må gjere for å komme i mål med gardsarbeidet for sesongen.

– 2. juli har vi til dømes syftesok til minne om St. Svithun. Merka på primstaven som markerer syftesok er ulike frå landsdel til landsdel. Mange stadar var syftesok vist med eit tre eller ein kvist, men nokre stadar òg med ei ugrasplante for å minne om at no skulle ein luke.

– Andre stadar var primstavmerket denne dagen ein ljå. Det skulle vere ei påminning om at slåttonna no skulle starte. Det å gå i gang med ting var veldig viktig i det gamle bondesamfunnet, fortel Risåsen.

20. juli var dagen ein kalla margretemesse eller Marit Vassause. I norsk tradisjon er dette den dagen at slåtten er i gang og at ein av den grunn fryktar regnet. 25. juli er òg ein dag med sterke band til regnvêr – Jakob Våthatt. 27. juli var det annamesse som òg var ein dag då ein var uroleg for om det kom regn.

– Regn i slåttonna var øydeleggjande både for høy og kornavling. Det kom gjerne kraftige regnskurar på den tida òg, og dei la ofte åkrane flate. Så det var all grunn til å vere bekymra for regnet. I Aker i Akershus blei det sagt at om det regna både Marit Vassause, Jakob Våthatt og på annamesse, ja, då blei det ein blaut haust.

Står seg i moderne tid?

Geir Thomas Risåsen meiner at vêrteikna står seg godt i det moderne Noreg.

– Mange menneske har framleis inngåande kunnskap om kva ulike vêrteikn på ulike datoar opphavleg skal bety. Desse tradisjonane står sterkt, meiner han.

Han kjem òg med ei oppmoding til journalisten på tampen av intervjuet.

– No må du skjerpe deg og lese deg litt opp, så kjem du sjølv til å få god kontroll på vêrvarsla på primstaven, avsluttar Risåsen med glimt i auga.

Våren kjem tidlegare

Skal ein følgje lærebøkene og vitskapen er det ikkje vårteikna eller primstaven som definerer når våren byrjar. Den klimatologiske definisjonen på når våren er i gang er når normal døgnmiddeltemperatur er 0 grader eller meir og stigande.

– Det vi ser er at vinteren har blitt kortare og våren startar litt tidlegare på dei fleste stadar i Noreg. Grunna framleis stigande temperaturar globalt og i Noreg, blir det endring i dei klimatologiske sesongane, opplyser klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet i Meteorologisk institutt i ein e-post.

Moderne vårteikn

I dag er det ikkje berre vêr og plantar som viser oss at våren er på veg. Nedanfor er ei liste over det ein kan kalle moderne vårteikn:

* Russefeiring: Kvar einaste vår blir det i norske medium skrive at russefeiringa er eit sikkert vårteikn. Den noverande norske russetradisjonen skriv seg frå 1905, då raude russehuer først blei brukt av elevar i avgangsklassar ved høgare skular i Kristiania. I 1979 vedtok Arbeidarparti-regjeringa å legge eksamensdagane til etter 17. mai for å dempe for ei vill russefeiring og gi elevane meir tid til faglege førebuingar.

* Utepils: Ifølgje medieovervakingsportalen Retriever dukka omtale av utepils opp som eit vårteikn første gong på tidleg 1990-tal. Seinare har hundrevis av artiklar omtalt drikkeglade nordmenn i solveggen som eit sikkert vårteikn.

Utepilsen er eitt av dei moderne vårteikna. FOTO: Torstein Bøe / NTB/ NPK

* Pollenallergi: Om lag 900.000 nordmenn lir av pollenallergi. Det kan vere plagsamt, men òg eit kroppsleg signal om at våren er i emning.

* Søppel: Når snøen smeltar dukkar det opp søppel som har lege og godgjort seg gjennom vinteren. Foreininga Hold Norge Rent skreiv no i vår i ei pressemelding at det er eit sikkert vårteikn at søppelet dukkar fram frå snøen. Foreininga oppmodar i same melding folk om å delta i ryddedugnad.

* Musikkorps: Når korpsmusikken ljomar over landet veit vi at det snart er 17. mai.