Dei vaksne vipene lever helst på stubbmark. Vipa finst over store delar av verda, men den norske bestanden har minka betydeleg over dei siste 20–30 åra.
Dei vaksne vipene lever helst på stubbmark. Vipa finst over store delar av verda, men den norske bestanden har minka betydeleg over dei siste 20–30 åra. FOTO: Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

Dystre tal for bestanden i over 20 år. Slik skal ornitologar og bønder redda vipa

Før var vipa ein vanleg fugl i jordbrukslandskapet i store delar av landet. Intensivering i jordbruket har derimot vore med å redusera bestanden. Me har snakka med ein fuglefagmann om temaet.

Vipebestanden blir drastisk mindre, og det skjer fort. Ornitologar og bønder er samde om at dei ynsker å behalda fuglen i landskapet vårt, men korleis skal dei klara det?

Vårens aller mest høglydte bodberar har meldt sin tilkomst og det karakteristiske skriket er no å høyra over jordbruksområde over heile landet. Men skal me tru bestandsrapportane frå dei siste åra, lyder det heller dystert.

Ein artikkel frå organisasjonen BirdLife Norge slår fast at vipebestanden i Noreg var på sitt lågaste nokosinne i fjor. I 1990 anslo ein at 60.000 par med viper hekka i Noreg. I 2022 var bestanden kraftig redusert.

Om nedgangen

– Bestanden er på eit historisk botnnivå. Aldri har det vore registrert så få viper, og estimat og teljingar frå andre stader i Vest-Europa viser òg at bestanden har gått ned, og det ekstremt fort.

Det seier Frode Falkenberg, ornitolog ved BirdLife Norge. Falkenberg har følgt med på vipestatistikken lenge. I den siste målinga estimerer ein at det var rundt 2.500 par som hekka i Noreg. Det er berre ein tredel av minimumstalet frå 2015.

– Dette er òg overeins med det me ser i Europa elles. I dei siste 18 åra har den svenske bestanden sokke med 30 til 45 prosent, og i Danmark med 30 prosent dei ti siste åra.

Vipa er både ein vadefugl og ein trekkfugl som er avhengig av jordbruks- og våtmarksområde. Ho hekkar i store delar av Europa, men òg i delar av Asia. Dei viktigaste hekkeområda her i landet er i Trøndelag og Rogaland.

Vipa har eit flygemønster som gjer at ho er lett å kjenna att på når ho svevar over marka. Ho hekkar fleire stader i Noreg. Den største bestanden held til på Jæren, men ho er òg å finna i Trøndelag, Sunnhordland og Sunnfjord. Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge FOTO: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

– Jæren er kjerneområdet til vipa i Noreg. Sjølv om bestanden er bitte liten, er det relativt mykje av henne der, fortel ornitologen.

Men vipa er òg å finna andre stader på Vestlandet, som på Voss, Sunnhordland og i Sunnfjord. Fleire ting ved fuglen gjer at han er lett å kjenna att. Det mest slåande er kanskje skriket og det bråe flygemønsteret. Attpåtil har vipa ei «fjørkrone» på toppen av hovudet.

Store endingar i leveområdet

Det er fleire faktorar som gjer at vipebestanden minkar. Store reve- og grevlingbestandar og utbygging av jorde er to av dei. Men den største faktoren er intensiveringa i landbruket.

Vipene slo seg for alvor til i Noreg då landbruket skaut fart på 1800-talet. Då var arten talrik. Men no er det nye framsteg i landbruket som er blant dei største årsakene til at bestanden søkk for kvart år. Ein har modernisert landbruket betydeleg gjennom 1900- og 2000-talet.

– På marker der bonden gjerne berre hadde éin slått før, har han no kanskje opptil tre slåttar. Ein har fleire prosessar på eit jorde enn det ein hadde før gjennom eit år, og då aukar samtidig sjansen for at det ryk fleire viper, seier Falkenberg.

Kan ikkje lura maskiner

Dei vaksne vipene er nokså trygge. Det er i størst grad reir og ungar som er mest utsette.

For det første, er det vanskeleg for bønder å oppdaga det vesle fuglereiret når dei kjem og skal ta slåtten i store, tunge maskiner.

– Det er kritisk for vipa at bonden går ut og leitar og markerer reir, før han køyrer ut og tek slåtten. For det andre er vipeungane det me kallar reirflyktarar.

Med andre ord er vipeungane særs sjølvstendige når dei klekker.

– Dei er allereie modne nok til å finna mat på eiga hand og nokre vandrar så langt som oppimot 1,5 kilometer frå rugeområdet. Oppvekstområdet kan sjå ganske annleis ut i forhold til rugeområdet, og det er ofte høgare gras og meir fukt i jorda.

Mange vaksne fuglar tek gjerne til vengene, eller rømmer når dei opplever ein truande situasjon. Det gjer ikkje vipeungane som ikkje kan flyga enno.

– Dei pleier å leggja seg ned og trykka. Altså gøymer dei seg ved å legga seg ned på bakken og gå i eitt med omgjevnadene, og læst som om dei ikkje finst. Dette fungerer som ei kule mot rovdyr, men fôrhaustaren klarar dei ikkje å lura, og han tek dei.

– Når vipene hekkar, kjem dei tilbake til der dei sjølve blei fødde. Om alle ungane døyr, vil det berre vera eldre individ igjen. Dei lever berre i om lag seks til sju år, og då vil bestanden forsvinna mange stader i landet, forklarar ornitologen.

Kulturlandskap på Jæren. Med tida har vipa blitt sjølve symbolet på landskapet her. Gjennom dei litterære verka til forfattar Arne Garborg, har ho òg fått ei viss form for tilhøyrsel til distriktet forankra i den norske bokheimen. Fuglen pryder mellom anna kommunevåpenet til heimkommunen til Garborg, Time. FOTO: Carina Johansen / NTB / NPK

Det perfekte vipehabitatet

Vipa er ikkje utrydda i Noreg, og ho hekkar her framleis. Men dagens form for landbruk, gjer at levekåra ikkje er dei beste for henne.

– Tilbake i tid då det var mykje vipe, var driftsforma annleis. På sitt mest talrike hekka ho gjerne i myr og utmark, og la sin elsk på vide opne område som bøndene strigla kvar vår. Det var perfekte forhold for reir der, seier Falkenberg.

Trass i at bestanden har gått kraftig ned i raskt tempo, er det ikkje slik at ein ikkje er engasjert i å redda vipefuglane.

– Sjølv om det er i landbruket dei fleste av vipekulla går tapt, er det ikkje sånn at bøndene ikkje er samarbeidsvillige. Dei er glade i vipa, og mange av dei ynsker å ha henne her. Men ein mistar oversikta og det er nesten ei umogleg oppgåve å driva jorda om du veit at det er 10–20 vipeungar på marka, men ikkje kor dei er, seier Falkenberg.

Fleire bønder lagar det ein reknar for å vera eit meir vipevenleg jorde. Falkenberg nemner å setta av plass til ein liten tilfluktsstad på markene er eit nykelgrep.

BirdLife jobbar med å finna løysingar som kan vera gunstige for at både bøndene og vipa skal kunna leva i lag i harmoni.

– Me jobbar no med eit prosjekt der me skal kartlegga og klassifisera dei beste vipeareala i landet. Me leitar etter ideelle område tilpassa vipa sin standard. Det er stader med mykje meitemakk og ulike område som kyst- og jordbrukslandskap. Ambisjonen er å finna ut kva for komponentar som gjer det perfekte vipehabitatet, for så å ta i bruk den kunnskapen andre stader i landet.