Sjølv om Lånekontoret i prinsippet framleis kan låne ut pengar på kva som helst, er 90 prosent av det dei tek i mot i dag, gull.
Sjølv om Lånekontoret i prinsippet framleis kan låne ut pengar på kva som helst, er 90 prosent av det dei tek i mot i dag, gull. FOTO: Lånekontoret

Fleire går til «onkel» med arvegodset

Med fleire som slit med å betale rekningane, kjem også fleire til Lånekontoret for å pantsetje det dei har av verdisaker. Dagleg leiar Helle Biseth Markussen håpar likevel mange hentar ut dei handbroderte familieskattane sine før 17. mai.

– Ein av gjengangarane var mannen som panta vekkjarklokka si. I fleire år fekk han låne mellom 3,50 og 5 kroner på ho kvar morgon. For pengane handla han fisk som han selde vidare, og om kvelden løyste han ut klokka att slik at han vakna og kom seg på jobb neste morgon…

Helle Biseth Markussen har nok fortalt historia nokre gonger før, men smiler framleis varmt av nokre av dei handskrivne innføringane som finst i dei 135 år gamle protokollane hos Lånekontoret.

I dag er det ho som leier Noregs einaste pantelånskontor i det ærverdige lokalet i Kirkegata 19 i Oslo. Her er det til gjengjeld travelt for Biseth Markussen og dei fire andre tilsette. Kvar dag er det rundt 50–60 kundar innom, og i løpet av eit år blir det effektuert om lag 30.000 lån med ei snittutbetaling på 15.000 kroner.

I fjor var årsomsetninga på i overkant av 40 millionar kroner.

I 2021 vart Lånekontoret kjøpt av AB Varubelåning Pantbanken Sverige. Dei har rundt 60 kontor i Sverige, der dei låner på alt frå porselen, krystall, møblar, båtar og bilar. Planen er å utvide med fleire kontor i Noreg, og å utvide sortimentet også her, fortel dagleg leiar Helle Biseth Markussen. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPK

– Kundane kjem frå alle samfunnslag. Det kan vere frilanskunstnarar, minstepensjonistar, uføretrygda, studentar eller arbeidsledige som har det trongt heile tida, men også politikarar og forretningsfolk. Somme treng 300 kroner til mat til trygda kjem, medan andre må betale depositum på ei leilegheit eller treng 200.000 til ein ny bil. Men dei aller fleste fortel at dei treng pengar for å greie og betale rekningar og husleige, fortel Biseth Markussen.

Svolt

1888. Det var på den tida folk gjekk omkring og svalt i Kristiania. Det var den gong usle plankeskur stod tett-i-tett i åssida oppover mot Ekeberg, og glipande ytterveggar vart tetta med avispapir og det var så kaldt innomhus at vatnet i bøttene fraus til is.

Tal frå nokre år tidlegare viser at kvart femte barn i byen døydde før dei fylte fem år. Ungane bukka ikkje berre under av sjukdom, men også av gnagande svolt og vanrøkt.

Om pantet ikkje blir henta og endar på nettauksjon, vil pantsetjaren få eit eventuelt overskot. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPK

For det vesle Fattigvesenet som eksisterte på denne tida, hjelpte ikkje kven som helst. Vesenet såg fyrst og fremst i nåde til «verdige trengande». I praksis tydde det at foreldrelause ungar og sjuke og sengeliggjande vaksne kunne få stell og kupongar til gratis sild og gryn og brensel kvar veke.

Vesenet hadde i tillegg som ei av sine hovudoppgåver å fjerne ungar frå ekstra fattige og dårlege heimar. Men for å unngå at det offentlege måtte halde dei små i kosten over år, vart mange av fattigungane auksjonerte bort til dei som kravde minst for å ta hand om dei.

At kjøparane ofte utnytta ungane som gratis arbeidskraft og behandla dei som dyr, tok vesenet ikkje ansvar for. Det gjorde dei heller ikkje for alle dei «uverdig trengande» vaksne som av ulike grunnar ikkje greidde å skaffe seg, eller å halde på, ein jobb.

Det var difor det var her, i hjartet av hovudstadens armod, at Kristiania Folkebanks Laaneindretning vart oppretta som eit sosialt tiltak sommaren 1888. I motsetnad til bankane skulle ikkje lånekontoret vurdere betalingsevna til folk, men gje kortsiktige lån til kundar som leverte inn sin eigen eigedom som tryggleik.

Det minste pantelånsbeløpet vart sett til ei krone og den minste renta til 10 øre. Det var himmelvid skilnad frå dei private lånehaiane, som sjeldan kravde mindre enn fire prosent.

Markussen syntest hyllesystemet verka litt gammalmodig då ho tok til i jobben, men innsåg fort at det fungerte godt. Det unnselege gråpapiret hindrar innsyn i pakkene og gir ein ekstra tryggleik. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPK

Ifølgje historia gjekk Lånekontorets første utbetaling til ein kar som fekk åtte kroner i pant for støvlane sine. Det var like mykje som nær fire dagsløner for ein offentleg tilsett vegarbeidar den gongen. Det same året kosta eit kilo salt flesk 72 øre, medan smøret gjekk for 1,40. Sjølv om dei fleste måtte nøye seg med graut og knapt åt seg mette, strakk pengane likevel aldri til. Slik er det framleis for somme.

– Med pris- og renteauken dei siste månadene, merkar me godt at det er fleire som strevar og slit med å få endane til å møtast. Det siste året er besøkstalet nær dobla samanlikna med året etter korona, fortel Markussen.

– For mange kan det kanskje opplevast som eit stort fall å kome hit. Samstundes er det eit viktig poeng at folk fyrst og fremst låner pengar av seg sjølv. Det synest eg er realt.

Mixmaster og gebiss

«De er lKKE blakk før vi har kledd av Dem!»

Den (for mange) oppmuntrande annonsen stod på trykk i Arbeiderbladet fire dagar før jul i 1958. Der kunne lånekontoret, eller «Stampen» som det vart kalla, fortelje at dei heldt ope 3. juledag, og at folk som hadde blakka seg til høgtida no hadde rikeleg høve til å forlenge julestemninga til over nyttår. Det kravde sjølvsagt at folk eigde noko som kunne pantsetjast.

For å understreke kva for gullgruver folk kanskje hadde i skuffar og skåp, ramsa dei like godt opp døme på noko av verdisakene dei tok i mot: «Radioer, pelskåper, frakker, pent brukt tøy, mixmastere, støvsugere, klokker, gebiss, fyllepenner etc.».

I Kirkegata sit historia både i og på veggane. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPK

Sjølv om Lånekontoret i prinsippet framleis kan låne ut pengar på kva som helst, er 90 prosent av det dei tek i mot i dag, gull. Resten er sølvtøy, musikkinstrument, eksklusive klokker, bunader og kunst. Lånesummen ligg gjerne på rundt 70 prosent av eigedelen sin andrehandsverdi.

På gull følgjer ein faste prisar per gram for ulike karat. Akkurat no ligg utlånsprisen på 14 karat gull på 270 -280 kroner grammet. Har du eit 16 grams 14 K gullarmband er andrehandsverdien rundt 7.000 kroner. Set du det i pant, får du altså låne rundt 4.300 kroner.

– Ein del kulturar er vane med å spare i gull, og brukar oss på line med eit kredittkort. Dei har ofte gull i 24 karat, som er nær dobbelt så dyrt. Me har hatt inne brudekroner og belte i reint gull verdt mange hundre tusen kroner, fortel Helle Biseth Markussen.

Ho understrekar at om ein har verdifullt gull eller klokker som ein ikkje ynskjer å behalde, vil det løne seg å selje det på Finn.no. I tillegg til at ein berre får låne ein viss del av andrehandsverdien, blir det lagt på mellom 3 og 3,25 prosent rente kvar månad og mellom 30 og 500 kroner i gebyr kvar fjerde månad, avhengig av storleiken på lånet. Alt må betalast når gjenstanden blir henta.

– Viss du ikkje har pengar til å betale attende lånet og hente eigedelen ved forfall, endar han på auksjon. Me sender alltid eit varsel i posten før det skjer – og samla er det berre fem-seks prosent av all panten som endar på auksjon, seier Markussen medan ho viser veg gjennom kontorlokalet.

Ved skranken utanfor står ei eldre, velkledd dame, som akkurat har skuva ein gullring gjennom luka. Bak ho, på det skinande marmorgolvet, er det to store glasmontrar med sølv til sals. Her er bestikk og klokker og smykke som ingen har henta, og som heller ikkje er blitt selt på auksjon.

– Om eigedelen blir seld med overskot på auksjon, går overskotet tilbake til eigaren. Men om vi sel med tap, står kunden aldri i gjeld til oss, seier Biseth Markussen på vegen ned kjellartrappa.

Handsydd arvegods

I eit av romma heng det klesoppbevaringsposar tett i tett. Akkurat no tippar lånekontorsjefen at dei har inne rundt 100 bunader i pant.

– På ein bunad som er verd rundt 40.000 kroner, gir me lån på ein stad mellom 5.000 og 20.000. Det er jo ikkje så mykje – men då er vi også ganske sikre på at kunden kjem og hentar han igjen. Det vil me jo helst at dei gjer.

Ofte blir det lånt fleire gonger på ein og same bunad.

– Dei aller fleste kjem for å løyse ut bunaden like før 17. mai. Men berre nokre dagar etterpå, er det fleire som kjem tilbake med han og låner på han ei gong til. Då plar me å minne om at det er dyre lån, og at tidshorisonten bør vere kort.

Akkurat no har Lånekontoret inne rundt 100 handbroderte bunader. Helle Biseth Markussen håpar at dei fleste blir henta innan 16. mai. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPK

Gråkledd gull

Det klirrar i det store nøkkelknippet når Biseth Markussen låser seg inn i ein av kvelvane. I tillegg til fleire nøkkelhol, har den massive ståldøra kodelås med talskive som må stillast inn med millimeterpresisjon. Innanfor er det hylle på hylle med smykke og dyre klokker og andre gjenstandar pakka inn i unnseleg gråpapir og hyssing, som er merka med lånenummer, lånebeløp og eit kontrollsiffer. Kunden har dei same opplysningane på pantesetelen sin, slik at det er lett å finne fram. På den andre veggen er det nummererte skuffar, også dei fylt med alt frå diamantringar, gullarmband og andre klenodium i edelt metall. Dei er verdt vekta si i gull, som det heiter, uansett kva slags form eller fasong dei blir levert inn i:

– Det raraste eg har teke i mot, kom for halvtanna år sidan.

Helle Biseth Markussen smiler medan ho låser den tunge døra bak seg.

– Det var ei eldre kvinne, som ville pante ei gulltann som ho hadde med seg på ei snor.

Bankdirektøren ler:

– Det var unekteleg litt spesielt, men for oss er det jo ikkje forma på gullet som er viktig, men smelteverdien. Så ja, ho fekk låne. Gull er gull!

Kjelder: Statistisk sentralbyrå: ssb.no/a/histstat/aarbok/1891.pdf, ssb.no/a/histstat/aarbok/tab-2000-09-20-03.html, lanekontoret.no, Oslo kommune: Tobias 1999-4, Tobias 2009–2 og Tobias 2010–1.

Gå til onkel

Bautaen Erik Bye gav ut låten «Gå til Onkel» i 1958. Den handlar om den gongen Bye var så blakk at han måtte stampe gitaren sin hjå ein pantelånar – eller onkel, som pantelånarane også vart kalla på folkemunne – i San Francisco. Dette er eitt av versa:

Jeg gikk i stampen med min strengeløse mandolin

Jeg gikk i stampen med min gamle busserull

Og så gikk trøya og slipset og yankeehatten min

Og her forleden dag gikk tenna av gull

Oi oi oi oi forleden dag gikk tenna av gull

*

Da må du gå til onkel gå til onkel

Bare gå til onkel med klokker og klær

Kom til onkel snille onkel

Bare kom til onkel på krokete knær

Oi oi oi oi

Der kan du stampe fela di og skjorta di og sjela di

Men trå ikke onkel for nær nei nei

Trå ikke onkel for nær

Fakta om Lånekontoret

*Lånekontoret har vore drive etter konsesjon gitt som Kongeleg resolusjon i 1888, og hadde på det meste 27 filialar i Oslo. Nordea arva seinare konsesjonen gjennom fusjonar. I 2021 vart verksemda kjøpt av AB Varubelåning Pantbanken Sverige. Dei har rundt 60 kontor i Sverige, der dei låner på alt frå porselen, krystall, møblar, båtar og bilar. I motsetnad til i Noreg, må ikkje svenske pantelånskontor vere registrerte som finansinstitusjon. Planen er å utvide med fleire kontor i Noreg, og å utvide sortimentet også her.

*Lånekontoret låner maksimalt ut 15.000 kroner i kontantar per gong, aldri meir enn 45.000 kontant samla i løpet av ein månad eller meir enn 75.000 kontant i løpet av eitt år.