Sidersommelier Thomas Digervold vil ikkje seie noko om kvar sideren har sitt opphav her i landet, men anbefaler alle å finne sin eigen favoritt.
Sidersommelier Thomas Digervold vil ikkje seie noko om kvar sideren har sitt opphav her i landet, men anbefaler alle å finne sin eigen favoritt. FOTO: Øystein Grutle Haara.

Sidereventyr landet rundt

Siderprodusentar landet rundt er flinke til å framsnakke epledrykken sin og samarbeider gjerne for å gjere sideren kjent blant oss forbrukarar. Men ein ting kan dei aldri bli samde om, og det er kvar sideren eigentleg kjem frå i Noreg.

Heller ikkje øl- og sidersommelier Thomas Digervold vil prøve seg på å seie noko om kvar sideren si vogge stod.

– Akkurat dette veit eg at dei kranglar om rundt i heile siderlandet, spesielt hardingane og sogningane er ganske så sikre på at det var dei som var først ute. Men det er ikkje så alvorlege kranglar vi her snakkar om, ler han.

Det han derimot er heilt sikker på er at siderproduksjonen verkeleg har teke av og at det no blir laga sider frå i alle landsdelane bortsett frå Nord-Noreg.

– Sider er ekte norsk vare. Ifølgje utanlandske kjennarar er Noreg faktisk eitt av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no, og dei siste åra har produsentane våre henta heim ei rekkje internasjonale prisar, fortel Digervold.

Frå cider til sider

Digervolds første møte med sider var i russetida tidleg på tusentalet, men det var sider med C:

«2003. Landeplaga «Dans, dans, dans oppå bordet» av Ravi dundrar frå høgtalaranlegget medan diskolysa sveipar gjennom vårnatta i Øvrebø. Eg, med støttesteg utanfor russebilen, kvalm av altfor mange boksar med flytande smågodt tilsett alkohol. Eg kan framleis hugse lukta rive i nasen, ei slags blanding av parfyme og syntetisk saft og bruspulver med eplesmak. «Cider» stod det på dei svenske boksane, og det skulle gå mange år før eg forstod at sukkerskvipet eg helte i meg den natta, hadde så godt som ingenting med sider å gjere.»

Det var først i 2018 at forfattaren av den nye boka «Den store norske siderguiden» fekk auga opp for kva sider kan vere og etter det har han aldri sett seg tilbake.

– Eg jobba i utelivsbransjen då den store ølrevolusjonen kom og vi gjekk frå to typar øl til meir enn 40 på kort tid. Eg har alltid vore interessert i øl, men hadde etter opplevinga i russetida ikkje den store trua på sider. Etter at eg blei med på sidersmaking i 2018 blei eg rett og slett frelst. Etter det byrja eg å «snike» inn sider på smakingane og sjølv om folk var litt skeptiske i starten, så tok det etter kvart av.

Smakt seg landet rundt

Sommelieren har besøkt sideprodusentar i heile landet og boka hans gir eit innblikk i produksjonen i Hardanger, Sogn, Rogaland, Telemark, Midt-Noreg og Austlandet. Ja, til og med i Oslo lagar dei sider.

– Kor i landet lagar dei den beste sideren?

Men heller ikkje dette torer forfattaren å svare på, og understrekar at det kjem alt an på kva type sider du likar.

– Mange er glade i den klassiske, eg likar både den klassiske og veldig godt dei som utfordrar kva sider skal vere og tar meg gjerne ein natursider, eller bitter sider til mat. Den beste sideren er den ein har til riktig mat, riktig anledning og deler med riktige folk!

I boka gir Digervold ei oversikt over seks typar med sider, inkludert den alkoholfrie. Med 60 anbefalingar er det nok å velje i for dei som vil kome i gang med smakinga.

– Det viktige på mine smakingar er at eg prøver å gå vekk frå det tekniske og elitistiske språket og prøver å vise folk at sider er moro. Det er også kjekt å kjenne historia bak sideren og vite kva for eple han er laga på og kven som har laga han. Dersom du veit at sideren er produsert av eit ungt par som slutta i oljeindustrien og følgde draumen sin, så kan det hende at sideren smakar litt annleis når du sit på denne kjennskapen, seier Thomas Digervold.

Sider skaper turisme

Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leiar i HANEN som er ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme, er ikkje i tvil om at sidereventyret har vore viktig for turismen mange stadar i landet.

– Sider har vore viktig for gardsturismen og spesielt i Hardanger der dei har fått til eit eige sidecruise, seier Johannessen som meiner det er mange grunnar til at salet av sider har tatt av.

– Norsk sider er eit lokalt og ekte produkt med lågt alkoholinnhald, dermed treff det både lokaltrenden og er eit godt alternativ for dei som vil ha drikke med lite eller ingen alkohol. Ein annan grunn er at Vinmonopolet har lagt godt til rette for sal i hyllene sine og i tillegg er det produsentar som sel frå eigne utsal. Eg må også få lov til å seie at vi i HANEN har jobba mykje for å fremje norsk sider.

Vår eigen champagne

Lokalmatentusiasten er ikkje i tvil om at sideren er blitt vår eigen champagne, eller som ein prosecco eller cava.

– Den må serverast som standard ved alle norske ambassadar og i offisielle samanhengar som for eksempel på Slottet. På den prestisjetunge Nobelmiddagen i Stockholm i fjor vart svensk sider servert både som aperitiff og til dessert. Dette er noko for Noreg å følgje opp!

Bucher-Johannessen meiner det er rom for ytterlegare vekst.

– Fleire av dagens produsentar vil bli større og det vil også kome fleire til. Spesielt i Sogn som er eit stort frukt- og bærdistrikt er det mange som vil byrje med siderproduksjon. Den norske sideren bør ha som ambisjon å ta fem prosent av salet av all musserande i Noreg. Eg trur framtida er lys!

(©NPK)

Fakta om norsk sider:

* Dei fem siste åra har det vore nær ei firedobling av sidersalet på Vinmonopolet.

* Då det i 2021 vart seld 284 973 liter norsk sider, var det ein auke på heile 1059 prosent frå 2012.

* Grovt sett finst det seks typar sider i Noreg. Klassisk sider, natursider, issider, smakssett sider, fruktig blanding og alkoholfri sider.

* Dei mest vanlege epla å brukt i sider er Aroma, Gravenstein, Discovery, Summerred, Bramleys Seeding og Prinseple.