Søkartala til høgare utdanning er klare.
Colourbox
Søkartala er klare: Dette er dei mest populære studiane innan høgare utdanning
135.980 personar har søkt på 62.590 studieplassar.
Det er størst auke i søkjarar til studium i økonomisk-administrative fag, IT og teknologi. Totalt er det litt fleire enn i fjor som søkjer høgare utdanning.
Det er totalt 2,2 søkjarar per studieplass.
Den utdanninga som er mest populær, er siviløkonomiutdanningen ved NHH i Bergen. 2.170 har det som førstevalet sitt.
På andreplass ligg rettsvitskap ved Universitetet i Oslo med 2.159 søkjarar, medan det er 1.926 søkjarar som vil byrje på rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.
Deretter følgjer organisasjon og leiing ved HINN i Rana, leiing ved UiT i Alta, industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU i Trondheim, politiutdanninga i Oslo og arkitektutdanning i Oslo.
Tal frå Samordna opptak viser at 135.980 personar har søkt på eit rekordstort studietilbod: 62.590 studieplassar på 27 universitet og høgskular i heile landet.
(NPK)