Ein pallekarm er ein karm som blir brukt på ein pall for å sikre lasta. Pallar er som lego – alt er standard og passar saman i eit enormt fraktsystem over heile verda. Dei finst i overflod i dagens samfunn og er ofte gratis om du vågar spørje. Eller du kan kjøpe på eit hagesenter – eller snikre sjølv.
Ein pallekarm er ein karm som blir brukt på ein pall for å sikre lasta. Pallar er som lego – alt er standard og passar saman i eit enormt fraktsystem over heile verda. Dei finst i overflod i dagens samfunn og er ofte gratis om du vågar spørje. Eller du kan kjøpe på eit hagesenter – eller snikre sjølv. FOTO: Foto frå boka: Maria Berg Hestad

Pall deg ut i hagen!

Å dyrke i pallekarm er kanskje den enklaste og raskaste vegen til matauk frå eigen hage. Faktisk kan kvar pallekarm klemme ut opp til 10 kilo mat på ein sesong.

– Eg overtydd om at vi framover må tenkje annleis rundt korleis og kvar maten vår blir produsert. I dag har vi i Noreg ei sjølvforsyningsgrad på under 40 prosent, noko som er blant det lågaste i verda. Effektiviseringa i landbruket har gjort at bønder legg ned kvar dag, og no er det under 1 prosent av befolkninga som produserer mat til resten av oss. Vi har rett og slett behov for fleire som dyrkar mat her i landet, seier hageentusiast, bloggar og forfattar Maria Berg Hestad. Ho er oppteken av at vi må gjere jobben sjølv med å lage vår eigen mat, både som nasjon og som enkeltpersonar.

No er ho aktuell med boka «Matauk med pallekarm». Her dekkjer ho pallekarmdyrking frå A til Å – frå korleis du sjølv kan byggje karmane, via kva du skal fylle dei med og når du skal så, til korleis oppbevare vekstane lengst mogleg.

– Kjem ikkje rekande på ei fjøl

– Vi i Noreg tek maten for gitt og det synest eg er trist. Ikkje dyrkar vi så mykje sjølv lenger, ikkje er vi villige til å betale for maten, og barn veit knapt kvar maten vår kjem frå. Vi distanserer oss meir og meir frå naturen, synest eg. Det er som vi trur at maten berre kjem rekande på ei fjøl, seier Hestad veldig engasjert til Nynorsk pressekontor.

– Eg forstår ikkje kvifor bonde ikkje er oppheva til det viktigaste yrket i Noreg. Kva er vi som nasjon utan matproduksjon? Mat er jo det viktigaste vi har!

Vi kan alle drive matauk i eigen hage, meiner Maria Berg Hestad. FOTO: Foto frå boka: Maria Berg Hestad

Skape medvit på grasrota

Hestad meiner det må skapast eit større medvit rundt kor viktig mat er. Det er både berekraftig og miljøvenleg å produsere mest mogleg av grønsakene våre lokalt.

– Store endringar byrjar ofte på grasrotnivå. Og det er nettopp dette eg, bokstavleg talt, ønskjer å oppnå med pallekarmdyrkinga. Eg vil vise kor mykje sunn, god, berekraftig og sprøytefri mat vi alle kan produsere på liten plass, med lokale ressursar og fotosyntese – frå første pallekarm, seier entusiasten.

Enormt potensial for småskaladyrking

Alle med ein liten hageflekk til disposisjon har moglegheit til å bidra med matauk, meiner ho.

– Arealet som blir brukt til hage i Noreg er stort. Derfor er potensialet for småskalaproduksjon enormt, seier Hestad og tenkjer på at det her i landet finst rundt to millionar hageflekkar knytt til bustader, felleshagar og burettslag, med plass til minst 20 kvadratmeter kjøkkenhage.

– Potensialet for småskalaproduksjon er enormt, seier Maria Berg Hestad. Då tenkjer ho på at det her i landet finst rundt to millionar hageflekkar knytt til bustader, felleshagar og burettslag, med plass til minst 20 kvadratmeter kjøkkenhage. FOTO: Foto frå boka: Maria Berg Hestad

– Tenk om vi kunne forvandle dei grøne hageflekkane i norske nabolag frå plen til kjøkkenhage, og etablere våre eigne beredskapshagar. Dei fleste av oss har plass til nokre pallekarmar. Dei er utruleg praktiske og lette å plassere. Og veldig effektivt for dei som vil dyrke på liten plass. Du kan byggje dei oppå kvarandre, dei blir raskt varme om våren og du kan dekkje dei med lokk for å skape drivhuseffekt.

– Eg gjorde ein test i fjor og klarte å dyrke fram ti kilo grønsaker i ein kvadratmeter stor karm.

Dyrkingsglede

Maria Berg Hestad er oppteken av å formidle den store gleda ho opplever når ho går ut i kjøkkenhagen sin og produserer mat.

– Å dyrke er så meiningsfullt for meg. Eg gjer ein jobb for meg sjølv, og eg føler eg gjer ein jobb for familien min og for samfunnet. Eg får skaparglede og meistringsfølelse. Eg får vere omgitt av grønt, eg får vere fysisk aktiv og eg får bruke hovudet. Alt dette vil eg så gjerne at fleire skal få kjenne på.

Ein pallekarm er ein karm som blir brukt på ein pall for å sikre lasta. Pallar er som lego – alt er standard og passar saman i eit enormt fraktsystem over heile verda. Dei finst i overflod i dagens samfunn og er ofte gratis om du vågar spørje. Eller du kan kjøpe på eit hagesenter – eller snikre sjølv. FOTO: Foto frå boka: Maria Berg Hestad

Meir grønt å velje i

Ho er sjølvsagt allereie i full gang med årets sesong, og har sådd ein del innandørs som ventar på å bli planta ut når temperaturen tilseier det.

– Eg dyrkar veldig mange typar grønsaker – opp mot 80–90 ulike matvekstar – i hagen min. Og det er nettopp det som er fordelen med å dyrke sjølv – du får tilgang til eit mykje større utval enn du kanskje finn i butikken.

Pallekarm-entusiasten med lang erfaring ber alle nybyrjarar om å hugse på ein ting når vi går i gang:

– Det er ikkje verdas undergang om noko går dårleg i år. Lær av det, og prøv igjen, seier Maria Berg Hestad.

I ein pallekarm kan du så det du likar best av grønsaker – og få kortreist mat. FOTO: Foto frå boka: Maria Berg Hestad

Kort om pallekarm

Raskast å dyrke i karm

* erteskot

* mizunasalat og andre asiasalatar

* reddik

* plukksalat baby-leaves

* spinat

* vårløk frå setteløk

* koriander som mikrogrønt

* dill

* bladkål sådd som plukksalat

* nepe

Enklast å dyrke i karm

* potet

* løk frå setteløk

* plukksalat

* sukkererter

* reddik

* jordskokk

* beter

* grønkål

* kålrot

* purreløk

Desse har lengst lagringstid

* løk

* kvitløk

* graskar

* store squash

* pastinakk

* jordskokk

* grønkål

* vintergulrot

* rotselleri

* beter

Desse er mest næringsrike

* brønnkarse

* kinakål

* mangold

* beteblad

* spinat

* sikori.

* bladsalat

* persille

* romanosalat

* bladkål

Desse gir flest kilo pr. areal

* graskar

* squash

* spisskål

* knutekål

* beter

* potet

* gulrot

* pastinakk

* løk frå setteløk

* bladgrønsaker for plukk