Det finst detektorklubbar og kurs over store delar av landet, og aller mest på Austlandet. Ole Morten Skålevik frå Sotra er sjølvlært på fjerde året.
Det finst detektorklubbar og kurs over store delar av landet, og aller mest på Austlandet. Ole Morten Skålevik frå Sotra er sjølvlært på fjerde året. FOTO: Privat.

Metallsøking: Lyden av ei fjern fortid

Berre nokre centimeter under jorda finst det skattar frå fjern fortid. Ole Morten Skålevik har søkt seg fram til både eldgamle myntar, sølvtøy og bunadspynt. Ja, og eit par gifteringar av nyare dato.

Den runde koilen ytst på metallsøkjaren sveipar raskt fram og tilbake over jorda. Somme gonger er signalet berre sprakande skurring, andre gonger skarpt og tydeleg. Lyden blir faktisk ulik i nærleiken av ulike typar metall. I tillegg blir den påverka av kor stor gjenstanden er og kor langt den ligg under bakken.

Detektorar finst i mange prisklassar. Ole Morten Skålevik tilrår å handle kvalitet frå ein renommert leverandør. Ein dårleg detektor kan fort øydeleggje jaktgleda. FOTO: Privat

– Alt handlar om å kjenne metallsøkjaren og lære seg å tolke både lydar og bileta ein får opp på skjermen, fortel Ole Morten Skålevik (50).

Når han søkjer, er han i si eiga boble med øyreklokker. Dei skjermar mot bakgrunnsstøy og sender alle lydar rett i øyra.

– Eg grev nok minst ti hol der eg berre finn skrot før eg finn ein mynt, så eg skjønar dei som mistar motet om dei berre finn rusten spiker. Men då gjeld det å smørje seg med tolmod – og kanskje investere i ein betre detektor.

Frå Håkon VII til Oskar II

Sjølv byrja Ole Morten Skålevik med søking i det små for tre år sidan. Det er like mange metalldetektorar, ein haug med søppel og rundt eit par hundre over snittet interessante funn sidan no. Seinast her om dagen var han på ein gammal busetnad han har søkt gjennom fleire gonger før. No var fangsten ein leikebil, ein moderne femmar og ein skilling species det ikkje gjekk an å lese årstalet på. Førre veke fann han ein tiøring i sølv frå 1877 på det same jordet, og like før det, eit gammalt voksstempel, også kalla signett. Ja, og ein liten haug med aluminiumsfolie, leverposteiboksar og metalltråd.

Det er slett ikkje gull alt som pip. Dette er skrot frå ei ettermiddagsøkt. FOTO: Privat.

– Når ein er fersk, er jo alt ein finn kjekt. Eg begynte å søkje i min eigen hage, der eg samla har funne om lag 30 mynt frå land over heile verda. Så tok eg til å leite hjå folk eg kjenner, og etter kvart måtte det mynt med monogram av Håkon VII til for å gjere meg litt ekstra begeistra.

Han humrar:

– I dag blir eg nok mest fornøgd om eg finn mynt som er prega med hovudet til Oskar II.

Lyden av sølv

Detektoren Ole Morten nyttar i dag, ligg i det øvste prissjiktet. Den er vasstett og har såkalla multifrekvens. Det betyr mellom anna at den kan identifisere jern. Jern er som oftast berre skrap, men kan stundom skjule andre ting under. Når Ole Morten søkjer, får han også opp tal på detektorskjermen som indikerer leidningsevna til det som ligg i jorda. Av alle metall har sølv den høgaste leidningsevna.

Ei fibula, ei slags spenne som vart brukt for å halde kleda saman før i tida. Fylkesarkeologen konstaterte at ho er 1800 år gammal. FOTO: Privat.

– Etter kvart har eg også lært meg til å tolke kva for storleik objektet har – ein kan til og med høyre om det er rundt eller kantete. Fine, faste «ping!», «ping!» kan til dømes tyde på at det er ein sølvmynt, fortel han entusiastisk.

I slike augneblinkar dreg Ole Morten fram ein liten spade med langt, smalt blad. Med den skjer han ein nær full sirkel i jorda, og vippar torva opp slik at den siste delen blir hengande att i resten av grasmatta. Så finn han fram ein såkalla pinpointar, som er ein minimetalldetektor. Den rotar han nedi holet med. Stundom må han ta opp ein stor klump mold og bryte han opp i delar for å undersøkje kvar av dei med minidetektoren. Den delen det pip i, smuldrar han opp med fingrane til han kjenner noko hardt. Etter å ha børsta funnet fritt for jord, legg han det i funnveska si, og vippar torva attende over holet.

Ti øre frå 1877 er verdt om lag 700 kroner i 2023. FOTO: Privat.

– Etter at eg hadde søkt gjennom eigen og vener sine eigedomar, tok eg mot til meg og spurde om løyve frå grunneigarar eg ikkje kjente. No har eg vel rundt seks faste søkjeplassar vest på Sotra, i tillegg til ein på Voss og ein i Granvin, fortel Ole Morten.

– Uansett kor ein søkjer, er det viktig å rydde etter seg. Både ved å ta med søpla ein finn, og å trampe grasmatta på plass att. Etter at graset har vekse litt, skal ein ikkje kunne sjå at det har vore grave hol der.

Innleveringsplikt

Det eldste funnet han har gjort så langt er ei fibula, ei slags spenne som vart brukt for å halde kleda saman før i tida. Ole Morten skjøna ho måtte vere av eldre dato og leverte spenna til fylkesarkeologen, slik ein pliktar med gjenstandar som kan vere frå før 1537. Arkeologen kunne etter kvart fortelje at fibulaen var 1800 år gammal. Ole Morten ventar framleis på vurderinga av eit par ringspenner som han leverte inn for to år sidan, og på at eit vektlodd han har liggjande, skal bli henta.

Denne ringspenna er også levert inn til fylkesarkeologen, og Ole Morten ventar spent på at dateringa skal bli klar. FOTO: Privat.

Om ein er usikker på om ein gjenstand er innleveringspliktig, skal han behandlast som om han er det. I tillegg seier hittegodslova at den som finn ting som har lege gøymd så lenge at det ikkje lenger er håp om å finne fram til eigar, skal dele verdien med grunneigar. Det er i det heile mange reglar å sette seg inn i, fortel Ole Morten:

– Ein kan finne mange ulike kulturminne i mark som blir aktivt pløgd. Difor skal ein aldri grave djupare enn pløygelaget, som er på 30 centimeter. Under der kan ein til dømes risikere å treffe på og øydeleggje graver frå vikingtida.

Jakt etter svar

Det er spenninga som driv han – kombinert med ei stadig sterkare interesse for både arkeologi, historie, elektronikk og friluftsliv. Ole Morten går gjerne rundar på to-tre timar eit par gonger i veka, og opplever dei som ein form for meditasjon. I motsetnad til anna jakt, er ikkje spenninga over når han har lagt funnet i veska og teke fatt på heimturen til Eide på Sotra. Ofte er det då den verkelege skattejakta startar:

Etter at Ole Morten Skålevik hadde søkt gjennom eigen og vener sine eigedomar, tok han mot til seg og spurde om løyve frå grunneigarar han ikkje kjente. No har han fleire faste søkjeplassar på Sotra, Voss og i Granvin. FOTO: Privat.

– Noko av det aller kjekkaste eg veit, er å få funna i hus og reingjere dei så forsiktig eg kan, slik at eg kan studere kvar gjenstand nøye. Med det sagt, er det kanskje den biten konemor er minst begeistra for. Ho kan styre seg for blautaskit og brune render i baderomsvasken, og at stovebordet stadig blir fylt opp av gamle gjenstandar, seier han og ler.

Ole Morten brukar mobiltelefonen aktivt for å ta bilete frå ulike vinklar og deretter zoome inn for å sjå etter kjenneteikn på gjenstandane. Nokre gonger er det lett å slå fast kva han har funne, andre gonger må han samanlikne sin gjenstand med liknande ting på internett. Står han bom fast, hender det han legg ut bilete og ber om innspel på Facebook. Der fekk han til dømes god hjelp då han fann ein giftering, som kort tid etter var attende hjå ein glad eigar. Ringen frå 1893 med namnet «Kristi» inngravert, var det derimot ingen som sakna. For det er slik somme gonger – at det ikkje er napp å få nokon stad:

– Eg har funne ein merksnodig mynt – eller kanskje det er ein medaljong – som eg ikkje har greidd å identifisere, seier han.

Kanskje er det eit preg av ein fiskar som dreg garn? Eller ei kvinne som vaskar klede? Eller …

– Eg har på kjensla av at eg har sett motivet før, men mynten er så slite, at det er uråd å sjå skikkeleg.

Ole Morten Skålevik sukkar.

– Sjølv om det er gått over eitt år sidan eg gjorde funnet, irriterer det meg framleis ikkje å ane kva det er. Men eg har ikkje gitt opp enno!

Er det fiskarar som dreg garn? Kvinner som vaskar klede – eller er det kanskje vaksne og born? Dette er mysteriemynten som Ole Morten framleis ikkje er kommen til botn i kva er. FOTO: Privat.

Reglar for metallsøking

• Hugs å hente inn løyve til søking frå grunneigar. Bruk ikkje metallsøkjar på freda grunn (sjekk på www.kulturminnesok.no) og sett deg inn i lov om kulturminne og hittegodslova.

• Meld frå om funn av mogleg arkeologisk interesse (frå før 1537) til fylkesarkeologen og registrer GPS-posisjonen til funnstaden. Ikkje vask, reins, gnikk og gni ein gjenstand du trur kan vere innleveringspliktig. Legg gjenstanden i kjøleskåp til han blir levert inn.

• Det er innleveringsplikt på før-reformatoriske gjenstandar (dvs. eldre enn 1537), myntar eldre enn 1650, samiske kulturminne eldre enn 100 år, og båtar og skipsskrog, tilbehøyr, last og anna som er meir enn 100 år.

• Kulturminnelova opnar for at finnar av lause kulturminne kan få finnarlønn. Finnarlønna skal i utgangspunktet delast likt mellom grunneigar og finnar.

• Ikkje rør gjenstandar du trur kan vere militære eksplosiv som granatar og liknande. Merk deg staden, og meld straks frå om funnet til politiet.

Kjelder: riksantikvaren.no, metallsoker.no