Krava frå WWF kjem i forkant av det andre møtet i forhandlingane om ein global plastavtale, som går føre seg i Paris frå 29. mai til 2. juni.
– Vi er fastlåst i eit system der vi produserer mykje større mengder plast enn det vi kan handtere, noko som påverkar både folk og natur verda over, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF, i ei pressemelding.
Utrekningar viser at med dagens utvikling vil den globale plastproduksjonen bli meir enn dobla innan 2040 og mengda plast i havet vil bli tredobla innan same tid.
– Vi kan ikkje la dette skje. Plastforureining er eit globalt problem som krev ei global løysing. No må landa i verda gjere det dei kan for å få til ein avtale med omfattande globale og rettsleg bindande reglar, som kan få oss ut av den akutte plastkrisa vi er i, seier Andaur.
WWF krev eit umiddelbart globalt forbod mot unødvendige plastfiber i produkt som våtserviettar, sigarettfilter og teposar, eingongsartiklar som plastbestikk, tallerkenar, koppar, øyreproppar og e-sigarettar til eingongsbruk, i tillegg til mikroplast i blant anna tannkrem og hudpleieprodukt.
Der det ikkje er mogleg å innføre eit umiddelbart forbod, for eksempel innan kategoriar som emballasje for mat og drikke, personleg verneutstyr og dekk, krev WWF tiltak som klart fasar ned eller fasar heilt ut produksjonen og bruken av produkta. For resten av plasten må det sikrast ansvarleg handtering gjennom både standardar og minstekrav til blant anna innsamling, gjenbruk og resirkulering, i tillegg til ordningar for utvida produsentansvar.
Møtet i Paris er det andre av fem planlagte møte for å kome fram til ein global og rettsleg bindande plastavtale. Det er venta at avtalen er ferdig framforhandla i slutten av 2024 og blir vedteken i 2025.