Ryfylke skreiv fredag at totalforbodet mot bruk av open eld i første omgang ville gjelde for kommunane på sørsida av Boknafjorden, men at også dei nordlegaste kommunane måtte vere førebudd på at eit forbod kunne bli innført også her. Brannvesenet varslar no at eit totalforbod vil gjelde i Sauda, Suldal og dei andre nordlegaste rogalandskommunane alt frå tysdag av.
Totalforbodet inneber at det er ikke er lov å gjere opp eld både i og i nærleiken av utmark og innmark, samt på tilrettelagte grill- og bålplassar i nærleiken av skog og utmark. Det er heller ikkje lov å bruke grill, stormkjøkken, kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel som ved, kull eller brikettar. Dette gjeld i skog og anna utmark, eller så nær at eld lett kan spreiast vidare i terrenget, opplyser brannvesenet i ei pressemelding.
Brannvesenet presiserer imidlertid at det framleis er lov å grille i opparbeidd hage, skulegard og på større asfalterte område. Dei understreker også at alle som tenner opp eld, er ansvarleg for elden, uavhengig av stad og tid på året.
Brannvesenet ber i pressemeldinga om at verksemder som driv med arbeid i nærleiken av skog og mark, om å vurdere tiltak for å redusere risiko for brann.
Statens vegvesen melder måndag at all kantslått i Rogaland blir stoppa frå klokka 16.00 i dag. Tiltaket skal minske risiko for skogbrann i fylket.
Desse kommunane har totalforbod mot bruk av open eld frå tysdag
- Sauda
- Stord
- Bømlo
- Fitjar
- Sveio
- Utsira
- Karmøy
- Bokn
- Tysvær
- Vindafjord
- Haugesund
- Etne
- Suldal.