– Når det gjeld lyn er det jo ikkje stort ein kan gjere med det. Men det er framleis ekstremt tørt, og vi har knapt fått ein dråpe nedbør i Sauda. Om ein skulle sjå lynet slå ned, følg gjerne med om det begynner å brenne på staden, og varsle om ein ser at det tiltar med røyk eller eld, oppfordrar brannsjef i Sauda, Inge Seim.
Seim fortel at rask reaksjon og varsling frå bebuarane i området, etter alt å døme hindra at ein større skogbrann fekk utvikle seg fredag, då lynet slo ned og sttarta brann mellom Bjerga og Tengesdal.
Stor skogbrannfare
Meteorologisk institutt har også laurdag sendt ut farevarsel om styrtregn, slik det blei gjort både fredag, torsdag og onsdag. Dette vêret har ført med seg store mengdar lyn og tordag dei siste to dagane, og det er venta at dette også blir tilfellet når varselet melder at faren for regn er størst, frå klokka 17.00 av.
– Eg vil også oppfordre alle til å vere ekstremt forsiktige med alt som kan skape gnist eller eld når ein er ute no. Skogbrannfaren er svært stor, seier han.