Terakraft har starta prøvedrift i gamle Sauda 1
Selskapet har alt nå, med prøvedrift i kun to konteinarar, fått lydutfordringar. Både bygdeutvalet i Hellandsbygd og Sauda kommune er på ballen.
– Det er ein susande lyd, ja. Men ein må ganske nær for å høyra den. Eg bur midt oppe på haugen og høyrer ingenting. Men eg veit at eit hus står så nært at ein høyrer susinga. Me i bygdeutvalet er i kontakt med Terakraft for å finna ut om dei kan gjera noko for å dempa lyden, seier Ivar Johannes Handeland, leiar i bygdeutvalet i Hellandsbygd.
Kjøpte stasjonsbygget
Terakraft er namnet på selskapet som for eit par år sidan jobba med å etablera eit datasenter i den nedlagte kraftstasjonen Sauda 1 i Hellandsbygd. Selskapet kjøpte bygget i 2021 og starta raskt opp med oppussingsarbeidet, som blant anna innebar å etablera straumtilkopling og kjøp av transformatorar, samt demontering av dei gamle turbinhjula i kraftstasjonen.
Men så, mot slutten av 2021 og utover første halvår 2022, kom dei skyhøge straumprisane – før Terakraft fekk inngå langsiktige kraftkontraktar, for å sikra straum til de svært kraftkrevande produksjonen sin. I slutten av august i fjor skreiv Ryfylke at straumprisane stoppar datasenter», og at Terakraft avventar drift i Hellandsbygd». Terakraft hadde då, i løpet av sommaren, flytta produksjonsutstyr ut frå Hellandsbygd og Sauda. Styreleiar i Terakraft, Giorgio Sbriglia sa då til Ryfylke at han var optimistisk med tanke på eit datasenter i Hellandsbygd på sikt, og at han såg føre seg at straumprisane ville gå tilbake til normalen i slutten 2023. Etter dette har det vore stilt.
To konteinarar i drift
Ryfylke har blitt kontakta av fleire personar som i løpet av dei siste vekene har vore borte ved den gamle kraftstasjonen og merka seg lydaktivitet i bygget. Ei prøvedrift skal nemleg ha starta opp nå i vår. Også Sauda kommune har blitt kontakta av folk som reagerer på ein sjenerande suselyd frå anlegget. Det stadfestar konstituert kommunalsjef næring og samfunn, Roger Birkeland.
– Me er blitt gjort kjent med at det er drift på to av konteinarane der oppe. Det er Terakraft sitt bygg, og dei har all rett til å driva produksjon der. Men me har merka oss klager på lyd, og vil ta dette opp med Terakraft, seier Birkeland.
Sauda kommune var oppe ved kraftstasjonsbygget og såg, lytta, tok bilder og filma sist tysdag.
– Me vil i tida framover prioritera å komma i dialog med Terakraft, og saman prøva å finna gode løysingar i ro og mak, seier Birkeland.
Hadde avtale
Etter det Ryfylke kjenner til skal bygdeutvalet i Hellandsbygd har vore i kontakt med Terakraft fleire gonger og etterspurt tiltak. Terakraft skal ha opplyst at aktiviteten som starta opp for eit par veker sidan kun var ein liten prøveproduksjon.
– Avtalen var at når produksjonen skulle starta opp, skulle dei også ha på plass lydisolerande tiltak. Det meiner me ikkje er på plass. Terakraft har sagt at dei skal komma, me ventar på tilbakemelding frå dei om dette, seier Ivar Johannes Handeland i bygdeutvalet i Hellandsbygd.
Ryfylke har prøvt å få kontakt med styreleiar i Terakraft, Giorgio Sbriglia, utan å lukkast.